Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Samfunnstoppane skal ete maten ingen vil ha

Menyen under NHOs årsmiddag onsdag er sett saman av mat som av ulike grunnar blir til overs og ikkje tatt i bruk.

NHO-direktør Ole Erik Almlid, statsminister Erna Solberg og NHO-president Arvid Moss på NHOs årskonferanse i Oslo Spektrum.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
NHO-direktør Ole Erik Almlid, statsminister Erna Solberg og NHO-president Arvid Moss på NHOs årskonferanse i Oslo Spektrum. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Val av råvarer er inspirert av Neste trekk, som er tema for konferansen, skriv Stiftelsen Årets Kokk i ei pressemelding. Dei er kulinarisk rådgivar til middagen.

Annonse

– Kvar einaste rett er laga med tanke på at ein eller fleire råvarer har viktige berekraftsbodskapar i seg, og at råvarene kan bli til god mat av gode kokkar, seier Gunnar Hvarnes som er fagleg leiar for det norske Bocuse-akademiet i Stiftelsen Årets kokk.

På menyen står hyse, tang og tare, kje, kveitekjake, hønseføter, vinterlagra kålrot, reinhjarte og nedfallseple.

Neste artikkel

Grensehandelalliansen vil ha kutt i avgift på norske varar