Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Samfunnet tapar milliardar på ferjekø

Det kostar samfunnet 3,3 milliardar kroner at folk ventar på ferja, viser ei undersøking.

Nordmenn nyttar 11 millionar timar i ferjekø kvart år. Illustrasjonsfoto: Hallvard Østrem, NPK

Det kostar samfunnet 3,3 milliardar kroner at folk ventar på ferja, viser ei undersøking.

Det er forskarar ved Nord Universitetet som har rekna seg fram til den samfunnsøkonomiske kostnaden av å venta på ferja.

Kvart år reiser om lag 43 millionar med norske ferjer. Med det talet til grunn, blir ventetida på ferjekaiane omtrent 11 millionar timar kvart år. Viss ein gir dei som ventar ein timepris på 300 kroner, blir dei årlege kostnadane 3,3 milliardar kroner, skriv forskarane i eit innlegg i Dagens Næringsliv.

Annonse

Tala er henta frå ei spørjeundersøking blant passasjerar på dei 16 viktigaste sambanda i landet. I snitt venta folk 15 minutt på ferjekaiane, medan overfarten var på 38 minutt. Ventetida utgjorde slik nær 40 prosent av seglingstida.

Forskarane peikar på at vente-kostnadane kan reduserast ved at ferjene går oftare, og at desse ferjene er større. Hyppigare avgangar kan også påverka den «skjulte ventetida» til ferjebrukarane, altså ulempa med at dei ikkje kan reisa når dei vil. Desse ulempene kan vera større enn ulempene ved sjølve ventinga på ferjekaiane – særleg når ferjene går sjeldan, skriv forskarane.

©NPK

Neste artikkel

Slik beskytter du deg og dyrene dine mot hoggormen