Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Salmon Group og Metapod vil ha grashopper som proteinkjelde i fiskefôr

Selskapa Salmon Group og Metapod går saman for å redusere karbonavtrykk og å nytte verdikjeda betre.

Salmon Group og Metapod går saman om å nytte grashopper som proteinkjelde i mellom anna fiskefôr. Foto: Fredrick Darien/Metapod
Salmon Group og Metapod går saman om å nytte grashopper som proteinkjelde i mellom anna fiskefôr. Foto: Fredrick Darien/Metapod

Metapod har utvikla teknologien som lagar inntektsmjøl av grashopper og sirissar, som kan vere eit alternativ til soyaprotein i fiskemjøl og fiskefôr.

Det skriv dei i ei pressemelding.

– Måten Metapod tenker på forvaltning av ressursar er heilt i tråd med vårt arbeid med berekraft. Dei legg ikkje beslag på ressursar eller areal som kan nyttast til annan matproduksjon, seier Nils Inge Hitland, innkjøps- og fôransvarleg i Salmon Group.

Metapod sine grashopper og sirissar blir mata med restar frå brød- og bryggeriproduksjon, som elles ville gått til avfall.

Annonse

– Når vi går i gang med oppdrett av grashopper er det for å møte eit stort behov for nye proteinkjelder og næringsrik mat til folket. Oppdrett av grashopper i storskala er nytt, og vi har bygd teknologien frå botnen av, seier dagleg leiar i Metapod, Fredrick Darien.

Produksjonen vil foredle matsvinn slik at dette går inn att i verdikjeda, og Salmon Group får redusert karbonfotavtrykket. Det er ein lokal og arealeffektiv produksjon som òg sørger for kort transportveg til fôrfabrikkane, skriv dei i pressemeldinga.

Neste artikkel

Deler ut 27 millionar kroner til oksesæd, larver og frukt