Knut Tveit er kategorisjef i hagesenteret Hageland. Han seier dei store aktørane snart er tomme for julestjerna.
– Det er julestjerner i raudt og kvitt det vil bli størst mangel på i år, seier han til NRK.
Han trur ikkje det blir mange julestjerner til overs i år. Tveit har ikkje opplevd ein så stor etterspurnad så tidleg før. Han folk har eit større ønske om å pynte og ha det koseleg under koronapandemien.
Satsa stort
Tore Vikan hos Vikans gartneri i Stjørdal valde å satse på julestjerna i år, og har 130.000 julestjerner i raudt og kvitt.
– Alle julestjernene er bestilte vekk, seier han til kanalen. Det er små, kvite julestjerner som går først der.
Laila Iversen driv Hageland i Steinkjer, og er ikkje sikker på om det er nok til alle som vil ha.
– Vi har fått varsel frå kjedekontor og leverandørar om at det snart er tomt hos gartneria, seier ho til kanalen.