Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sabima: Tap av natur er like skummelt som klimakrisa

Vindkraftutbygging på land er omdiskutert, mykje grunna inngrepa utbyggingane gjer i naturen. Generalsekretæren i miljøorganisasjonen Sabima meiner tap av natur er eit like stort problem som klimakrisa.

Generalsekretær Christian Steel i miljøorganisasjonen Sabima meiner tap av natur er like skummelt som klimakrisa. Foto: Kjell Åsmund Sunde / NPK

– Mange fleire enn før snakkar om natur. Eg trur mykje av grunnen til det er at fleire forstår at tap av natur også er eit miljøproblem, sa generalsekretær Christian Steel i miljøorganisasjonen Sabima under Zerokonferansen i Oslo torsdag.

Han peika på at arealendringar har ein enorm påverknad på kloden.

– Stadig nye rapportar frå Naturpanelet i FN viser at ingen stadar på kloden er urørte. Naturinngrep skjer overalt. Det dreier seg ikkje om at det er trist at dyr blir borte. Det dreiar seg om livsgrunnlaget vårt, samfunnsøkonomien vår og at ingen miljøproblem påverkar oss like mykje som naturinngrep og naturøydelegging, sa han.

Vi ha meir vekt på inngrepsfri natur

Steel understreka at vindkraftutbygginga aleine utgjer ein liten del av det menneskelege inngrepet i naturen, men at summen av alle inngrep blir katastrofal.

– Regjeringa har gjort ein grunnleggande feil ved å ikkje verne dei delane av naturen vår som framleis er inngrepsfri, for utbygging, understreka Steel.

Annonse

Han peika òg på at det er uinteressant kor stor faktisk fysisk plass ei vindmølle eller ein veg tar.

– Det er korleis dette påverkar heile naturen som betyr noko. Vi meiner at vi treng meir fornybar energi, men vi må kartleggje betre. Vi må finne ut kvar naturverdiane ligg og unngå utbygging i dei områda. Regjeringa har sett i gang ei kartlegging, men det går for seint. Det må bli eit høgare tempo på kartlegginga og det må stillast krav til konsekvensutgreiingane i dei enkelte prosjekta, sa han.

Ventar med behandling av konsesjonar

Det var også ein politisk debatt om vindkraft under konferansen torsdag. Statssekretær Rikard Gaarder Knutsen (Frp) i Olje- og energidepartementet, i tillegg til Lene Westgaard-Halle (H), Lars Haltbrekken (SV) og Ole André Myhrvold (Sp) frå Energi- og miljøkomiteen var på plass for å diskutere framtidig vindkraftutbygging i Noreg.

– Vi må ta oss tid til å sjå skikkeleg på korleis framtidas regelverk for vindkraftutbygging skal vere. Pausen i å dele ut nye vindkraftkonsesjonar kjem til å vare inntil vi har klargjort kva overordna linjer som skal gjelde, sa statssekretær Knutsen under debatten.

– Vi meiner det var feil at regjeringa valde å skrinleggje planane om ei nasjonal ramme for vindkraftutbygging. Stortingsfleirtalet bad om ei slik ramme i 2016. Når ein går vekk frå den planen, kan resultatet bli at ein held fram med den enkeltsaksbehandlinga som ein har hatt til no, sa Lars Haltbrekken.

Også Westgaard-Halle var skuffa over at den nasjonale ramma blei skrinlagd.

– Eg syns det er synd at den nasjonale rammeplanen blei skrinlagd. Den planen viste kvar det hadde vore lønnsamt å bygge, og samtidig peikte den på kvar vi ikkje burde bygge ut, sa ho.

– Det vi må ha er best mogleg fagleg grunnlag. Vi må styrke innsatsen for å få på plass grunnkart som er fakta- og kunnskapsbasert, slik at vi får eit reelt grunnlag å ta avgjerder ut frå, sa Myhrvold.

Neste artikkel

Verste oversvømmelse i Venezia på over 50 år