Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sabima rasar mot unntak i myrforbodet

Miljøorganisasjonen Sabima meiner Venstre skuslar bort sigeren når dei vil gjere unntak i myrdyrkingsforbodet

Miljøorganisasjonen Sabima meiner Venstre vinglar om myr. Biletet viser nydyrking i skogsområde langs fylkesveg 42 inst i Flekkefjord i Vest-Agder. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

– Venstre har markert seg som "myrpartiet". Dette har vore eit sentralt og viktig tema, og i Granavolden-forhandlingane var myrforbodet ein viktig siger for dei. Det forundrar oss om dei vil skusle han bort på denne måten, seier generalsekretær Christian Steel i Sabima til Nationen.

Tidlegare denne veka publiserte Sabima eit innlegg i Dagsavisen om unntaka i forbodet mot nydyrking av myr, som Venstre la fram på landsmøtet sist helg.

"Sommel og fommel"

Mellom anna skriv Steel:

"I siste liten i desember 2016 kom myra inn og ble en av redningene på klimaregnskapet i budsjettavtalen. Skal resultatet etter to og et halvt års sommel og fommel bli et «forbud» fra landbruks- og matminister Bollestad som gir dispensasjon til de fleste som ønsker å dyrke myr?"

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) uttala at det vil kome unntak der myrforbodet vil føre til problem for drifta. Han svara òg, på direkte spørsmål frå Nationen, at desse unntaka skal vere vide nok til at ein sikrar at drifta, til dømes av gulrotdyrkinga på Smøla, ikkje vert truga.

Dette reagerer Steel og Sabima på.

– Meiningslaust

– Dersom ein skal gjere unntak i forbodet mot nydyrking av myr, nett for dei som har tenkt å dyrke ny myr, vert dette ganske meiningslaust, seier generalsekretæren.

Annonse

Han legg til at dersom slike miljøtiltak ikkje får nokon konsekvens, er det ikkje poeng i dei. Men han poengterer òg at vi endå ikkje veit korleis desse unntaka vil sjå ut.

– Det høyrest ut som at Venstre vil gje vide forbod, men at dei òg vil gje unntak for ei spesifikk næring ein spesifikk stad. Då vert det litt som å seie at dei som har det travelt kan bryte fartsgrensa. Eg går ut frå at ein ikkje kan lage forbod med slike sunntak, og då er eg redd at unntaka vert meir generelle, seier Steel.

Generalsekretær Christian Steel i Sabima reagerer på unntaka i myrforbodet, som klima- og miljøminister Ola Elvestuen la fram på Venstres landsmøte. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Han meiner det må vere lønsamt å ta vare på den dyrka marka ein alt har.

– Det er viktig med landbruk i heile landet, og vi treng ein landbrukspolitikk som sørger for at gode areal ikkje gror att og bøndene får eit leveleg utkome.

Steel reagerer òg på fleire av motargumenta mot myrforbodet.

– Ein seier at dersom ein skal forby nydyrking av myr bør det vere forbode med all anna nedbyggjing av myr, og ein peiker på at det ikkje har kome forbod mot vegbyggjing.

Steel forklarer at Sabima er samde i at ein må hindre nedbyggjing av myr, men tykkjer det er merkeleg å nytte det som argument for å hindre eit forbod mot nydyrking.

– Det er ei form for bukkane bruse-argumentasjon som kan føre at det ikkje vert gjort noko, seier han.

Statssekretær Sveinung Rotevatn (V) i Klima- og miljødepartementet svarer slik på kritikken i en epost til Nationen:

– Lovforslaget regjeringen har sendt til Stortinget gir åpning for dispensasjoner i enkelte nærmere definerte tilfeller. Det var dette Ola Elvestuen siktet til i sin kommentar. Det gir en viss fleksibilitet for å kunne utvise skjønn i unntakstilfeller, samtidig som det ikke skal være noen tvil om at nydyrking av myr som hovedregel ikke er tillatt.

Neste artikkel

Elvestuen: Unntakene i myrforbudet vil sikre videre drift