Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Så mykje jobb ligg bak juletreet

Det kan ta opptil ti år før julegrana er fin nok til å plasserast i stova. Og det krev mykje arbeid å kome dit.

Det kan ta om lag sju til ti år før julegrana er klar til å seljast. Foto: Lars Johan Wiker
Det kan ta om lag sju til ti år før julegrana er klar til å seljast. Foto: Lars Johan Wiker

– Juletreproduksjonen krev ein stor arbeidsinnsats størsteparten av året – frå planting, ugrasreinhald og formklipping til gjødsling og kontroll av skadegjerarar, seier forskar Inger Sundheim Fløistad ved Nibio til eigen nettstad.

Frå gammalt av blei juletrea ofte henta i skogen, medan ein stor del av juletrea i dag kjem frå eigne plantefelt etablert for å dyrke juletre.

Det gjer det også, ifølgje Nibio, enklare å stelle trea. For dei treng om lag sju til ti år før dei er klar til å seljast.

Fleire proffe dyrkarar

Det har òg skjedd eit skifte mot juletre som ein profesjonell produksjon dei seinare åra. Med eit slik skifte, har det ført til eit stort kunnskapsbehov om skadegjerarar og kontrolltiltak, skriv Nibio.

– Juletredyrkarane har sjølve søkt mykje kunnskap om dyrkingsprosessar, medan Nibio har gått i brodden for plantehelse. På dette området ligg vi faktisk no svært langt framme i verda og vi får stadig førespurnadar frå inn- og utland, seier forskar Venche Talgø.

Dei siste 20 åra har Nibio gjort ei kartlegging av sjukdomar og problem i juletreproduksjonen. Ifølgje Talgø er det viktig med ei slik kartlegging slik at produsentar veit kva tiltak som må setjast inn. Mellom anna samarbeider Nibio tett med organisasjonen Norsk juletre, slik at kunnskapen blir videreformidla til dyrkarane.

Edelgrana tar over

Men det er ikkje berre ei profesjonalisering av juletredyrkinga som har skjedd dei siste åra. I dag er rundt 60 prosent av dei norske juletrea edelgran av ulike artar, og 40 prosent gran. Og edelgrana var heilt ny for dyrkarar for 20–30 år sidan, fram til då var det i hovudsak import.

– På slutten av 1990-talet byrja dyrkarar for alvor å snuse på edelgranproduksjon. Det er altså berre snakk om drygt 20 år sidan denne produksjonen byrja å få eit visst omfang. Nibio har arbeidd mykje med edelgran på skadegjerarsida, spesielt med sjukdomsorganismar og ugras. Det var ikkje berre å plukke opp informasjon om dette frå andre, og edelgrana har heilt andre utfordringar enn tradisjonell gran. Her har dyrkarane måtte lære mykje både om plantehelse og det dyrkingstekniske. Innan begge desse felta har samarbeid med danske kollegaer vore uhyre viktig, seier Nibio-forskarane.

Forskar Venche Talgø kjem med ei oppfordring:

– Eg håper folk er bevisste og kjøper norskproduserte tre i staden for importerte tre. Dei norske trea er både kortreiste og hausta seinare, noko som gjer at dei vil halde seg betre. Det er også viktig for å støtte næringa, seier ho.

Neste artikkel

Lanserer ny måte for å kjøle ned kvoteprisane på mjølk