– Me veit ikkje kor mange det har gått ut over. Det er også nokre som er skadde, så me veit ikkje kor mange det blir, seier Berit Kiilerich frå Lystbækgaard til TV Midtvest.
Angrepa skal ha skjedd på Lystbækgaard i byen Ulfborg i Holstebro Kommune, Region Midtjylland, i Danmark. Dei første angrepa skal ha skjedd natt til måndag.
Då elektrisk inngjerding ikkje har vore til hjelp har Kiilerich tatt andre midlar i bruk for å beskytte dyra.
– Eg er ute med dyra om natta. Eg er der med bilen min, og søv ute i området, seier ho til TV Midtvest.
Då Kiilerich ikkje kan vere alle stader på ein gong, har fleire angrep skjedd.
Det har sett spor i dyra som er att.
– Dei har angst, er stressa og nervøse, seier Kiilerich til TV Midtvest.
Det er tatt DNA-prøvar i området, og det er uvisst om det er ulv som står bak angrepa, ifølge TV Midtvest.