Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rundballane skal bli meir klimavennlege

Forskarar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) skal prøve å finne ut kva eigenskapar i silofôr og rundballefôr som påverkar metanutsleppa hos kyr mest. Slik skal dei finne oppskrifta på det mest klimavennlege surfôret.

Rundballefôret skal bli meir klimavennleg. Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix / NPK
Annonse

Prosjektet skal gå over fire år og byggjer på ein databank for surfôr som Tine har etablert. Kvaliteten på surfôret varierer mykje, og forskarane skal undersøkje kva eigenskapar i fôret som har størst effekt på metanproduksjonen hos kyr. Resultata skal dei bruke til å lage planar for korleis grasprodusentane kan lage eit mest mogleg klimavennleg grovfôr.

Forskarane ved NMBU skal samarbeide med forskarar i Sverige, Danmark og Canada om prosjektet, som har fått tilskot frå Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri.

Neste artikkel

Mener påstander om høyt kraftfôrforbruk hos norske ammekyr er overdrevet