Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
I 1905 kunne du oppleve bjørnejakt dersom du valde å leggje ferien din til Vågsli hotell i Vinje. Annonsen stod på trykk i Morgenbladet i august 1905. Foto: Morgenbladet/Ondrej Prosicky/Mostphotos
I 1905 kunne du oppleve bjørnejakt dersom du valde å leggje ferien din til Vågsli hotell i Vinje. Annonsen stod på trykk i Morgenbladet i august 1905. Foto: Morgenbladet/Ondrej Prosicky/Mostphotos

Er det tilbod om bjørnejakt som skal redde reiselivsnæringa?

Reiselivet har møtt veggen i møte med koronakrisa. Mange slit tungt og må kanskje tenkje annleis når dei i framtida skal marknadsføre seg. Kanskje kan næringa hente marknadsføringsinspirasjon frå 1800-talet - då destinasjonane tilbaud bjørnejakt og besøk hos samefamiliar.

– Eg meiner det er mykje kontinuitet i dei marknadsføringselementa reiselivet har nytta frå seint 1800-tal og fram til i dag. Eit eksempel er Hurtigruten, kor kystturen som første gong blei marknadsført i 1893 framleis held stand. Stikkorda då som no er fjord og fjell, polarsirkelen og nordkapp, seier Arthur Tennøe, seksjonsleiar for bilete, trykk og konservering ved Nasjonalbiblioteket, til Nynorsk pressekontor.

Nasjonalbiblioteket samlar inn og bevarer mykje materiale som har med reiseliv å gjere. Til dømes småtrykk, plakatar, postkort og foto som har vorte brukt i marknadsføring av reiseliv. Ut frå det kan ein sjå korleis ein både visuelt og idemessig har profilert Noreg som reisemål, nasjonalt og lokalt, i opp gjennom tidene.

– Samfunnet har endra seg mykje på desse drygt 100 åra. Faktorar som har påverka utviklinga er samferdsel, levestandard, media og sjølvsagt dei ulike idestraumane i samfunnet. Transportformene har gått frå hest og til fots gjennom jarnbane og skipsfart til flyreiser, seier Tennøe.

I 1889 averterte Hotel Botn i Telemark med "besøg hos Lappefamilier" når dei skulle tiltrekke seg turistar. Annonsen stod på trykk i Aftenposten i juni 1889.
I 1889 averterte Hotel Botn i Telemark med "besøg hos Lappefamilier" når dei skulle tiltrekke seg turistar. Annonsen stod på trykk i Aftenposten i juni 1889.

Naturen har vore viktig lenge

– Seint på 1800-talet hadde var vi i ei nasjonsbyggingsfase. Norsk natur hadde vore på moten internasjonalt frå 1700-talet. Både gjennom målarkunst og turistfotografiet, som for alvor kom på 1860-talet, viste ein bilete frå landskap og stader som var knytt til reising. Postkortet kom til som format på slutten av 1800-talet og er også knytt til biletemotiv frå reisemål. Det vart ein veldig populær suvenir og vart også brukt i marknadsføring. Dette har utruleg nok halde seg heilt fram til våre digitale dagar, fortel Tennøe.

Etter kvart dukka også cruisetrafikken opp som ein viktig del av reiselivsmarknadsføringa.

– Eg meiner det er mykje kontinuitet i dei marknadsføringselementa reiselivet har nytta frå seint 1800-tal og fram til i dag, seier Arthur Tennøe ved Nasjonalbiblioteket. Foto: Nasjonalbiblioteket
– Eg meiner det er mykje kontinuitet i dei marknadsføringselementa reiselivet har nytta frå seint 1800-tal og fram til i dag, seier Arthur Tennøe ved Nasjonalbiblioteket. Foto: Nasjonalbiblioteket

– Mykje av dette hadde eit internasjonalt publikum som målgruppe. Cruisetrafikken var viktig frå 1900 og utover. Her var Tyskland ein viktig marknad. På denne tida var fortida noko som var viktig for bygging av nasjonal identitet og den norske vikingtida var ei kjelde til førestillingar som kunne skape interesse for Noreg som reiseland, seier seksjonsleiar Tennøe.

Han trekker og fram etableringa av DNT som viktig for korleis marknadsføringa utvikla seg.

– I 1868 vart Den Norske Turistforening starta og dei har sidan det vore ei drivkraft for utviklinga av fotturismen i fjellet og kulturen rundt denne.

Tæringssjuke var ikkje velkomne til Sandåk hotell på seint 1800-tal. Annonsen er frå Dagbladet i 1898.
Tæringssjuke var ikkje velkomne til Sandåk hotell på seint 1800-tal. Annonsen er frå Dagbladet i 1898.

Stereotypiar har forsvunne

Nokre element har likevel forsvunne ut av reiselivsmarknadsføringa over tid. Blant anna har måten ein presenterer på endra seg.

Annonse

– Den samiske kulturen har gjennom heile perioden vore eit populært element i førestillinga og marknadsføringa av reiser til nord. Måten den blir presentert på har likevel endra seg i takt med den generelle utviklinga i samfunnet. Den stereotype framstillinga av samar finn vi i marknadsføringa heilt fram til etterkrigstida. I vår tid har den samiske kulturen ein heilt annan status, fortel Tennøe.

Han fortel at også bruk av vikingar i marknadsføring har vorte vanskelegare i nyare tid.

– Vikingbileta vart viktige i naziperioden, noko som til dels har gjort det noko problematisk å bruke vikingar i marknadsføringa i ettertid.

Eit anna element som har dukka opp er berekraft.

– Berekraft er viktig i dag. Der ein tidlegare hadde mange cruiseskip på bilete av Geirangerfjorden vekkjer dette synet i dag heilt andre assosiasjonar. Òg isbjørnjakta som ein reklamerte for i 1963 er heilt uaktuell å marknadsføre i våre dagar, fortel seksjonsleiaren.

Han peikar på at mediemangfaldet vi har i dag òg påverkar marknadsføringa.

– I dag er det ein meir kompleks struktur mediemessig. Internett og dei sosiale media gjer at også turistar og influensarar kan gi råd og evalueringar som er viktige. Desse blir lenka opp og sjekka når ein vel reisemål og vil virke meir ærleg enn tradisjonell reklame. Difor er det viktig for verksemdene å få folk til å vere aktive og gi positive tilbakemeldingar, avsluttar Tennøe.

Denne annonsen frå Dagbladet i april 1899 syner at det var vanleg allerie på den tida å reklamere for natur. Her er det lett tilgang til aurefiske som blir promotert.
Denne annonsen frå Dagbladet i april 1899 syner at det var vanleg allerie på den tida å reklamere for natur. Her er det lett tilgang til aurefiske som blir promotert.

Reklamerte med bjørnejakt

Ein av dei som har bladd seg gjennom ein del reiselivsannonsar frå seint 1800-tal og tidleg 1900-tal er historikar Per Ormestøyl ved Vest-Telemark Museum. Gjennom to prosjekt, finansiert av Kulturrådet, Arkivverket og Telemark fylkeskommune, har han samla arkivmateriale frå ulike overnattingsstadar i Telemark. Undervegs har han komme over ei rekke annonsar med bodskap ein kanskje ikkje vil finne i reiselivsannonsering i dag.

– Eg har gjennomført ei større kartlegging av alle overnattingsplassar som har eksistert i vårt område og har gjennom det arbeidet lese ei rekke gamle reiselivsannonsar. Særleg i dei eldre avisene eg har leita i har det dukka opp ein del rare annonsar, seier Ormestøyl til Nynorsk pressekontor.

Blant anna har Ormestøyl funne annonsar som ber tæringssjuke halde seg vekk og andre annonsar som reklamerer med besøk hos det som før i tida vart kalla lapp-familiar. Den personlege favoritten hans er ein annonse frå 1905 med Vågsli hotell i Vinje som avsendar.

– I den annonsen blir det reklamert for bjørnejakt. Berre tanken om å reklamere med noko liknande i 2020 verkar jo heilt absurd, fortel han.

Ormestøyl trur òg at det var meir natur i gamle annonsar enn det er i dag.

– I dei fleste annonsane er det eit veldig fokus på naturen. Det var veldig mange som marknadsførte seg med frisk luft, skog og fiske. Inntrykket mitt er at naturen blei trekt meir fram då enn no, sjølv om den framleis står sterkt i annonsering, avsluttar historikaren.

(©NPK)

Neste artikkel

Bondelaget ber statsministeren sørge for at bjørn i Bardu blir felt