Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rekordmykje hjortevilt drepne i trafikken

Aldri før har så mykje hjortevilt døydd i trafikken.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix / NPK

10.200 hjortevilt, inkludert elg og rådyr, vart drepne i trafikken i jaktåret 2017-2018, ifølgje SSB.

Det er 2.900 fleire enn året før, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Annonse

Auken var størst for rådyr og elg. Totalt vart 6.599 rådyr og 2.374 elgar drepne i trafikken.

Den solide auken kjem av ein lang og snørik vinter, ifølgje seniorrådgjevar Trond Amund Steinset i SSB.

– Hovudårsaka til dei mange påkøyrslene var den snørike vinteren med lange kuldeperiodar. Under slike forhold trekkjer viltet mot vegar og jernbane, seier han.

I snitt blir 28 hjortedyr påkørde kvar einaste dag i Noreg.

Neste artikkel

KrF vil ha stø kurs for båtene langs kysten