Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Reiselivsnæringa fryktar koronaviruset skal skremme vekk utanlandske turistar

Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, er redd for at overdriven frykt for koronaviruset gjer at utanlandske turistar droppar noregsferien.

Næringsminister Iselin Nybø inviterer denne veka til møte om konsekvensane av koronaviruset for reiselivsnæringa. Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK
Næringsminister Iselin Nybø inviterer denne veka til møte om konsekvensane av koronaviruset for reiselivsnæringa. Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK

Devold fortel til NRK at norske hotell, restaurantar og opplevingsbedrifter no registrerer færre bestillingar.

– I ein situasjon der eitt av tre norske hotell har raude tal, er det som no skjer svært alvorleg. Dette kan vere det som skubbar dei utfor stupet med tap av arbeidsplassar, seier Devold til kanalen.

Ho er ikkje aleine om å frykte negative konsekvensar for reiselivsnæringa. Næringsminister Iselin Nybø inviterer denne veka til møte om konsekvensane av koronaviruset for reiselivsnæringa. I møtet vil næringsministeren blant anna diskutere korleis negative konsekvensar for reiselivsbedrifter kan handterast og reduserast.

Annonse

– Reiselivsbedriftene merka tidleg negative konsekvensar som følgje av koronaviruset. Det er for tidleg å seie noko om kva effekt det vil ha på lengre sikt. Det er avhengig av blant anna kor lenge utbrotet varar og kor fort viruset spreier seg. Men vi ønskjer dialog med bransjen, og vi vil høyre meir om kva utfordringar dei har, seier Nybø i ei pressemelding.

Kristin Krohn Devold har ei klar oppmoding til regjeringa:

– Mitt råd er at dei følgjer situasjonen nøye og vurderer momsreduksjon i perioden fram mot revidert nasjonalbudsjett, seier ho til NRK.

(©NPK)

Neste artikkel

Å reise – er det fali’ det, Solan?