Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Reiselivsnæringa fryktar konkursar dersom regjeringa vedtar endå eit momshopp

Dersom Solberg-regjeringa set opp momsen for tredje gong, fryktar reiselivet konkursar og nedleggingar. Statsministeren kan likevel ikkje momsfrede næringa.

Fryktar momshopp: Leiaren i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, seier at ho trur at endå eit momspåslag vil føre til konkursar og nedleggingar i reiselivet i distrikta. Her saman med Erna Solberg under Nord i sør-konferansen i 2017. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

– Vi nærmar oss grensa for det som er rimeleg, samanlikna med dei europeiske konkurrentane våre, seier direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv til NTB.

I førre veka kom eit utval som finansminister Siv Jensen (Frp) har utnemnd, med ein rapport som har fått reiselivsbransjen til å stegle. Utvalet foreslår å erstatte låge momssatsar på mat, overnatting og persontransport og dessutan andre fritak frå meirverdiavgift med éin fellessats på 23 eller 25 prosent.

Erna Solbergs regjering har allereie auka momsen i bransjen to gonger, frå 8 til 12 prosent, dei siste seks åra. Ein ny momsauke kjem særleg til å ramme norske hotell og overnattingsstader hardt, og bransjen fryktar konkursar, nedleggingar og arbeidsløyse.

– Har vi mykje høgare prisar enn andre europeiske land, så reiser folk andre stader. Og som alltid er det distrikta som blir ramma først og verst, ettersom det er færre alternative jobbar der, seier Devold, som aller helst skulle ønske at reiselivet hadde dei same momssatsane på overnatting som andre land i Europa.

Vi nærmar oss grensa for det som er rimeleg, samanlikna med dei europeiske konkurrentane våre.

Kristin Krohn Devold, direktør i NHO Reiseliv

– Ikkje komplisert system

I 2018 var det, ifølgje NHO, nær 34 millionar gjestedøgn i Noreg. Men veksten i talet på overnattingsdøgn har flata ut den siste tida, og reiselivsnæringa slit med låg lønnsemd og lågare driftsmarginar enn andre delar av næringslivet.

Regjeringa har grunngitt den kommande momsreforma med at dei vil forenkle eit komplisert system. Devold meiner likevel ikkje at det gjeldande systemet er spesielt vanskeleg, og ho ser få grunnar til å forenkle det.

– Det er ikkje noko problem at ei guideteneste har 0 prosent moms, eit overnattingsdøgn har 12 prosent moms og ei vare i butikken har 25 prosent. Det er berre å legge inn i reknearket, seier ho.

Kanselleringar

Annonse

Direktør Sigmund Straand på det familieeigde Straand hotell i Vrådal fortel at ein ytterlegare auke i momsen vil gi hotellet eit påslag i kostnadene som et opp det som trengst for å få budsjetta til å gå opp.

– Vi trur ikkje at marknadene våre i utlandet kan klare å absorbere desse store prishoppa. Allereie no før sommarsesongen melder fleire store, tunge aktørar om tilbakegang, og dei kansellerer turar gjennom distriktet vårt, seier Straand til NTB.

Han forklarer at alle endringar i rammevilkåra går utover slike som han, som driv små og mellomstore bedrifter. Han er ikkje vidare imponert over politikken til regjeringa på dette feltet, sjølv om dei sjølve har skrytt høglydt av han.

– Eg synest ikkje det går så veldig bra på dette området, i alle fall ikkje for oss familiehotelleigarar med store eigedommar på stader som Vrådal, seier Straand.

Cruiseskipet Sapphire Princess frå reiarlaget Princess Cruises på veg ut Geirangerfjorden i juni.Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix / NPK

Gir ikkje bransjen vern

Statsminister Erna Solberg (H) heldt tysdag opningstalen på årskonferansen til NHO Reiseliv. I talen roste Solberg det norske reiselivet, men sa at bransjen må bli flinkare til å skape og selje reiselivsprodukt som ein kan leve av heile året.

Statsministeren snakka òg om den venta momsreforma. Ho understreka at regjeringa førebels ikkje har tatt stilling til nokon av forslaga i rapporten, og at dei er opptatt av å støtte opp om omsyna som ligg bak dei gjeldande låg- og nullsatsane.

– Utvalet har tatt litt hardt i, og så radikalt tenker nok ikkje regjeringa, seier Solberg til NTB.

Statsministeren kan likevel ikkje slå fast at regjeringa vil skjerme reiselivsnæringa mot høgare momssatsar i den kommande momsreforma.

– Eg kan ikkje gå inn i kvar enkelt bit av dette. Det er både direkte og indirekte ting i momssystemet som påverkar i reiselivsnæringa. Det er ikkje slik at vi vil fjerne alle nullsatsar eller tersklar i systemet. Men det kan vere ein del intensjonar vi kan oppnå ved å endre momssystemet, til dømes at ein kan påskjønne sunne ting og ikkje usunne ting, seier Solberg.

Neste artikkel

Cruise rundt i sommer? Helst ikke