Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Reiselivsaktørar vil ha eigen reiselivsminister

Fleire aktørar i reiselivsbransjen meiner norsk reiseliv treng ein eigen minister for å best sikre interessene til næringa.

Fleire aktørar i reiselivsbransjen meiner norsk reiseliv treng ein eigen minister for å best sikre interessene i næringa. Arkivfoto: Sara Johannessen / NTB/ NPK
Fleire aktørar i reiselivsbransjen meiner norsk reiseliv treng ein eigen minister for å best sikre interessene i næringa. Arkivfoto: Sara Johannessen / NTB/ NPK

– Det siste forslaget til statsbudsjett viser tydeleg at vi ikkje har ein eigen reiselivsminister som kjempar for næringa, seier Tone Rønning Vike til NRK.

Vike og ektemannen driv boutiquehotellet 29|2 Aurland i Sogn.

Per i dag er det Nærings- og fiskeridepartementet som har ansvar for reiselivet. Vike vil ha ein reiselivsminister som kan «tenkje heilskapleg» for bransjen.

Annonse

– Vi ønskjer ein minister som kan dra oss opp av grøfta og i ei grønare retning. Eit eige reiselivsdepartement som har alt frå infrastruktur, overnattingsplassar og satsing på lokalmat er noko vi manglar, seier ho.

Også reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord er positiv til å få på plass ein eigen reiselivsminister.

– Det er ei stor vekstnæring, som rører ved mange sektorar. Då ville det vore naturleg med ein eigen minister, seier han til statskanalen.

(©NPK)

Neste artikkel

NHO og Sp utfordrer Frp på avgiftslette for reiselivet