Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Reiselivet i nord frir til folk i sør

Koronaviruset skaper store utfordringar for reiselivsnæringa. Etter fallande interesse frå utlandet, vil reiselivsnæringa i Nord-Noreg no leggja om marknadsføringa.

Reiselivet i Nord-Noreg håpar no at midnattssola og andre turistattraksjonar i nord skal få nordmenn i sør til å leggja ferien sin nordover. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK
Reiselivet i Nord-Noreg håpar no at midnattssola og andre turistattraksjonar i nord skal få nordmenn i sør til å leggja ferien sin nordover. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

– No har vi ein gyllen moglegheit til å få folk sørpå og også andre skandinavar til å leggja ferien til Nord-Noreg. Vi kjem til å prøva å nå dei blant anna gjennom sosiale medium, seier leiar for kommunikasjon og marknad i Nordnorsk Reiseliv, Siw Sandvik, til NRK.

Annonse

Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, støttar strategien til reiselivsnæringa i Nord-Noreg. Sjølv om meiningsmålingar har vist at mange nordmenn ønskjer å reisa til Nord-Noreg på ferie, meiner Devold likevel at reiselivsnæringa i nord må vera førebudd på konkurranse. .

– Det blir nok stor konkurranse frå andre stader i landet, men Nord-Noreg har eit klart fortrinn sidan så mange hat sagt at dei har landsdelen øvst på ønskelista si, seier ho.

(©NPK)

Neste artikkel

Kinesiske "wet markets" har åpnet igjen. Forsker sier det gir økt risiko for nye sykdommer