Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Reis rundt i ditt eige land, og bli stolt

Oskar Puschmann har besøkt alle kommunane i landet. Her er landskapsgeografens tips til noregsferien.

Oskalr Puschmann er landskapsgeograf og forskar i NIBIO og skal i sommar levere spalta Tilbakeblikk. Då kan du sjå korleis Norges landskap har utvikla seg. Foto: Ulrike Bayr/Nibio
Oskalr Puschmann er landskapsgeograf og forskar i NIBIO og skal i sommar levere spalta Tilbakeblikk. Då kan du sjå korleis Norges landskap har utvikla seg. Foto: Ulrike Bayr/Nibio

Puschmann trur reiserestriksjonane kan gi folk moglegheit til å sjå på Norge som eit ferieland, og håper sommaren vil få folk til å utvide den geografiske horisonten. Sjølv skal han bruke sommaren på å reise rundt i Norge på ulike prosjekt.

– Eg skal reise rundt på land og strand, og det gler eg meg til. Det er så mange flotte stadar og fine menneske der ute.

Tilbakeblikk

Han ska òg levere til Nationen, gjennom NIBIO sitt prosjekt «Tilbakeblikk – norske landskap i endring». Bildeserien går i Nationen for 16. år på rad. I tidlegare utgåver har han mellom anna skrive om og fotografert lynghei i Norge og jordbruk og samferdsel. Du kan sjå fleire av dei tidlegare bilda her.

Han har besøkt alle kommunane i landet, før samanslåinga. Det viktigaste ferietipset han har, er å ta bakvegane.

Overnattingsstader og flybillettar er vanlegvis dyrare når det nærmar seg ferie enn resten av året, også under koronakrisa. Puschmann trur ikkje det blir eit problem med tanke på Norge som eit framtidig ferieland.

– Mange meiner det er for dyrt i Norge, men ein familie kan fort bruke opptil 60.000 kroner på ei sydenferie.

Annonse
Eitt konkret feiretips frå landskapsgeografen, er å køyre frå Utsira og opp Helgelandskysten. Her frå Lovund i Nordland. Foto: Siri Juell Rasmussen
Eitt konkret feiretips frå landskapsgeografen, er å køyre frå Utsira og opp Helgelandskysten. Her frå Lovund i Nordland. Foto: Siri Juell Rasmussen

Han held fast på at dei beste ferie- og opplevingsstadane ligg utanfor allfarveg.

– Lofoten, Geiranger og liknande kan vere faremoment i sommar, det kan bli overbefolka på dei mest populære stadane. Det er fleire plassar enn desse som har mykje å by på, og der er det ikkje sikkert prisen blir skrudd opp heller, seier Puschmann.

Lokal aktivitet og lokalt liv

Til sist har han ei siste oppmoding til alle som skal ut å reise i sommar.

– Det er mest truleg mykje spennande i ditt eige distrikt. Dersom du skal ha heimeferie, finn ut kva ditt eige område har å by på. I nabolaget, eller andre lokale bedrifter som treng økonomisk støtte i denne tida.

– Reis rundt i ditt eige land, bli kjend, og bli stolt.

Neste artikkel

Virke: Framleis kritisk situasjon for mange reiseverksemder