Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa løyver 250 millionar til reiselivsnæringa

Ei ny ordning med 250 millionar kroner i potten skal hjelpe reiselivsnæringa med omstilling og gjenopning.

Næringsminister Iselin Nybø trur ordninga gjer at fleire overlever krisa. 
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Næringsminister Iselin Nybø trur ordninga gjer at fleire overlever krisa. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Reiselivsnæringa er hardt råka av koronapandemien. Reisevanane til folk er dramatisk endra, og store delar av marknaden er borte. Derfor blir det innført ei ny ordning der reiselivsaktørar kan søke om pengar for å omstille seg den nye kvardagen eller for å tilpasse seg smitteverntiltaka som er sett i verk. Vi trur det bidrar til at fleire overlever krisa, seier næringsminister Iselin Nybø i ei pressemelding.

Ordninga skal gi reiselivsverksemder moglegheit til å gjennomføre omstillingsprosjekt som gjer dei i stand til å halde i gang kundegrunnlaget, tilpasse seg smitteverntiltak og endringar i reiselivsmarknaden.

Det er Innovasjon Noreg som skal administrere ordninga, og bedrifter kan søke om pengane via heimesidene deira innan 15. september. For å kunne søke må verksemda ha hatt ei gjennomsnittleg omsetningssvikt for månadene juni, juli og august på minimum 30 prosent.

Annonse

Den nye ordninga er no godkjent av overvakingsorganet til Efta ESA.

Les også:

Neste artikkel

Nordmenn har handla norske varer for 1,3 milliardar kroner meir enn i fjor