Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regjeringa går imot Vegvesenet – legg berre ned éin trafikkstasjon

Berre tenestestaden i Dalen i Telemark blir stengt for godt, opplyser regjeringa.

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) fortel at dei mellom anna ikkje legg ned tenestetilbodet i Levanger, Kragerø, Larvik og Mandal, som var ønsket av Statens vegvesen. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) fortel at dei mellom anna ikkje legg ned tenestetilbodet i Levanger, Kragerø, Larvik og Mandal, som var ønsket av Statens vegvesen. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– For regjeringa er det avgjerande å sikre gode tenester for trafikantar i heile landet. Særleg for dei tenesta som framleis krev oppmøte må det vere eit tilgjengeleg tilbod rundt i heile landet. Vi har no nøye vurdert forslaga frå Statens vegvesen, men også lytta til innspel og forslag frå lokale aktørar. Konklusjonen er at dei fleste av tenestestadene som var foreslått nedlagt likevel held fram, men at det vil skje nokre endringar i tenestetilbodet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide ifølgje ei pressemelding.

Det var i fjor Statens vegvesen foreslo å leggje ned fleire trafikkstasjonar som eit sparetiltak. Det ville ført til færre stader med tilbod om førarprøve for mellom anna bil, motorsykkel og teoriprøve.

Omsyn til ungdom og næringsliv

– Vi ønsker at det tenestetilbodet som var foreslått nedlagt i Levanger, Larvik, Kragerø og Mandal likevel held fram. I tillegg blir det ikkje gjort endringar i tenestetilbodet i Sandnessjøen og på Leknes. For å sikre eit godt tilbod, særleg til ungdom i distrikta, vidareførast også tilbodet om førarprøve på motorsykkel i Tynset, Kongsvinger, Flekkefjord, Odda, Sogndal Sunndalsøra, Namsos, Sortland og Lakselv. I tillegg blir hallkontroll vidareført i Nordfjordeid, da dette har stor betydning for lokalt næringsliv på staden, seier Hareide.

Han seier at særleg omsyn til ungdom og lokalt næringsliv har vore avgjerande.

– Førarkort og køyretøyteneste er viktige for svært mange, både privatpersonar, næringsverksemd og lokalsamfunn, rundt om i heile landet. Det er viktig for ungdom som skal ta førarkort at dette kan skje utan for lang reiseveg og for mykje fråvær frå skule, og det er viktig for næringsaktørar innanfor bilbransjen at dei ikkje må frakte køyretøya unødig langt for å få gjennomført de tenesta dei skal, seier samferdselsministeren.

Færre stader med førarprøvar

Annonse

Samstundes stenger dei éin tenestestad på Dalen i Telemark.

"Dette er fordi denne tenestestaden ikkje tilfredsstiller minstekrava til gjennomføring av praktisk førarprøve", heiter det i pressemeldinga.

Tilbodet om teoriprøve på Ørnes oppfyller ikkje krav til sikkerheit ifølgje departementet, og vil difor inntil vidare bli borte.

Nokon stader vil òg oppleve at det ikkje lenger er mogleg å gjennomføre førarprøvar for motorsykkel og tunge køyretøy, og det blir færre stader der ein kan gjennomføre skranketeneste og hallkontroll av køyretøy.

– Statens vegvesen har kome langt i å digitalisere sine teneste og i dag kan ein gjere mange av tenestene heime frå si eiga stue, utan at ein må møte opp på ein trafikkstasjon. Vidare har Statens vegvesen allereie i dag ordningar for å oppsøkje til dømes næringsaktørar i samband med godkjenning av køyretøy. I tillegg til å fortsette digitaliseringsarbeidet, vil eg derfor be Statens vegvesen arbeide vidare med å sjå på moglegheita for å vidareutvikle slike ordningar ytterlegare, seier Hareide.

Vil stoppe nedlegginga

Senterpartiets stortingsrepresentant Siv Mossleth seier at sjølv om dei fleste trafikkstasjonane består, vil det bli fleire som mistar ein vesentleg del av tenestene.

– Regjeringa vil sentralisere store deler av tenestetilbodet som i dag tilbys på trafikkstasjonane. Ein voldsom nedlegging av førarprøve for motorsykkel, førarprøve for tunge køyretøy og hallkontroll for lette og tunge køyretøy. Regjeringa held fram sin sentraliseringsiver. Forslaga medfører at tenester flyttast lenger bort frå folk, det vil vi kjempe mot. Senterpartiet meiner at tenester frå det offentlege skal tilbys nært folk, seier ho.

No vil Sp sjå om dei finn ein moglegheit til å stoppe nedlegginga.

– Dei sentraliserande handlingane får konsekvensar for folk. No blir det lenger å reise for ein som skal køyre opp til motorsykkel og lastebil. Sjølv om staten sparar nokre kroner, blir det større utgifter over på dei som må ta fri frå jobb og reise lenger for å nytte disse tenestene. Folk i distrikta må ta rekninga når staten skal spare nokre kroner, seier Siv Mossleth.

Neste artikkel

Fylker og kommuner bruker mer penger på samferdsel