Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regionleiar i NHO trur ikkje norske turistar kan redde reiselivet

Mange reiselivsaktørar i Nord-Noreg håpar nordmenn kan vere redninga deira i mangel på utanlandske turistar. Regionleiar i NHO Reiseliv trur derimot ikkje det vil vere nok.

Illustrasjonsfoto: Mariann Tvete
Illustrasjonsfoto: Mariann Tvete

Eg fryktar at norske turistar ikkje kan berge den nordnorske reiselivsnæringa. Vi veit at reiselivet i Nord-Noreg har hatt ein eventyrleg vekst dei siste åra. Blant anna hadde vi eit rekordår i fjor. Det er utlendingar og gjester frå fjern og nær som bidreg til den positive veksten som vi har opplevd til no, seier regionleiar i NHO, Målfrid Baik til NRK.

Regjeringa har presentert fleire krisepakkar for norsk næringsliv, der nokre av tiltaka er direkte retta mot blant anna reiselivsnæringa. Frå og med fredag trer ei eiga kontantstøtteordning for næringslivet i kraft.

Annonse

– Det vil hjelpe til som ein nødhjelp. Men skal vi tenkje meir langsiktig for korleis vi skal redde næringa, trur eg det er mange som må trå til for at vi skal få til dette, seier Baik.

(©NPK)

Neste artikkel

Fallet i leveransane av mjølk bremsar opp