Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Regiondirektør i NHO: – Reiselivsnæringa blør

Sju av ti reiselivsbedrifter har måtte stengje som følgje av koronakrisa, ifølgje ei undersøking frå NHO reiseliv blant 817 bedrifter. No går næringa ein usikker sommar i vente.

Richard Grov, direktør på Hotel Alexandra i Loen trur ikkje at nordmenn på ferie i Noreg kan redde reiselivsnæringa. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPK
Richard Grov, direktør på Hotel Alexandra i Loen trur ikkje at nordmenn på ferie i Noreg kan redde reiselivsnæringa. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPK

– Dei sesongbaserte bedriftene blør og reiselivet slit kraftig som følgje av koronakrisa, seier Grete Karin Berg, fungerande direktør i NHO Vestland til Nynorsk pressekontor.

Ei medlemsundersøking frå NHO i april viser at 28 prosent av reiselivsbedriftene på Vestlandet svarar at dei har planar om oppseiingar og 45 prosent svarar at dei vurderer det som ein reell risiko å gå konkurs som følgje av koronakrisa.

– Livsverket kan gå tapt

Utan utanlandske turistar må reiselivsnæringa førebu seg på ein betrakteleg mindre marknad denne sommaren. Berg seier det er gledeleg at mange overnattingsbedrifter melder om interesse frå nordmenn som planlegg sommarferien i Noreg allereie.

– Nordmenn vil ikkje kunne demme opp for manglande utanlandske turistar, men det vil hjelpe godt på. Men vi har også reiselivskonsept som i stor grad er tenkt for utanlandske turistar, og det er dei som vil merke det mest denne sommaren. Eitt eksempel på dette er reiselivsbedriftene i Flåm i Aurland kommune, seier Berg.

I Aurland har arbeidsløysa gått opp frå 1,7 prosent til 21,6 prosent sidan slutten av februar, viser ei oversikt frå NRK. Det uroar ordføraren i kommunen:

– Eg er heilt innforstått med at det er aktørar her som har lagt ned ufatteleg mykje tid og pengar, som no ser at livsverket kan gå tapt, seier Trygve Skjerdal (Sp), ordførar i Aurland kommune, til kanalen.

At det ikkje kjem cruiseturistar til Bergen betyr ifølgje Anders Nyland i Visit Bergen eit omsetningstap på 700 millionar kroner for næringslivet i byen Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK
At det ikkje kjem cruiseturistar til Bergen betyr ifølgje Anders Nyland i Visit Bergen eit omsetningstap på 700 millionar kroner for næringslivet i byen Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK

Mistar store delar av marknaden

Den siste tida det vore skrive mykje om det er mogleg å redde reiselivsnæringa ved at nordmenn ferierer i Noreg. Richard Grov, hotelldirektør hos Hotel Alexandra i Loen trur ikkje det er tilstrekkeleg.

– Store delar av den normale marknaden er vekke og vi sit igjen med ein smal del. Vi treng ein formidabel auke på den delen som er igjen, og det trur eg neppe skjer, seier Grov til Nynorsk pressekontor.

– Besøkjande er redninga

Hotelldirektøren er positiv, samstundes som han understrekar at ein må vere realistisk. Krisepakkane frå regjeringa trur han kan vere til god hjelp i byrjinga, men han er klar på at det for dei er besøkjande som er redninga.

– Vi må komme i gang igjen og få gjester. Det er jobb nummer ein. Vi må omstille oss og prøve å sjå moglegheitene. På eit eller anna vis er det nøydd til å ordne seg, seier Grov. Han håper ein ikkje kjem i ein situasjon der reiselivsbedrifter startar å underby kvarandre på pris.

Store cruisetap

Annonse

Han får støtte av Anders Nyland, reiselivsdirektør i Visit Bergen. Han håpar det blir mogleg for nordmenn å feriere i Noreg i sommar og støtte reiselivsnæringa, som uansett må førebu seg på store tap.

– At nordmenn ferierer i heimlandet vil hjelpe, men det vil på ingen måte kunne kompensere for bortfallet av utanlandstrafikken, seier Nyland til Nynorsk pressekontor.

Til vanleg vrimlar det av cruiseturistar i Bergen sentrum om sommaren. Bergen Havn hadde forventa om lag 700.000 cruisepassasjerar i 2020. No kan dei vente seg store inntektstap.

– At det ikkje kjem cruiseturistar til byen betyr eit omsetningstap på 700 millionar kroner for næringslivet i Bergen, seier Nyland.

Flåm i Aurland kommune er utbygd for å ta imot tusenvis av cruiseturistar om sommaren. No fryktar fleire av reiselivsaktørane i kommunen å gå konkurs. Foto: Vidar Knai / NTB scanpix / NPK
Flåm i Aurland kommune er utbygd for å ta imot tusenvis av cruiseturistar om sommaren. No fryktar fleire av reiselivsaktørane i kommunen å gå konkurs. Foto: Vidar Knai / NTB scanpix / NPK

Inviterer til innspelsmøte

Kommande veke har regjeringa invitert til innspelsmøte med blant anna reiselivsnæringa for å finne vegen ut av koronakrisa.

Nyland fortel at Visit Bergen etter planen no skulle arbeidd med produktutvikling og sal på vegner av reiselivsnæringa for dei kommande åra. Som mange andre har også reiselivsselskapa permittert tilsette. No håpar han på ein meir bransjeretta tiltakspakke.

– Vi treng ein tiltakspakke som er direkte retta mot reiselivet. Vi treng tiltak som gjer at vi kan få reiselivsmarknaden tilbake. I dag er svært mange permitterte, og mange veit ikkje om dei har ein jobb å komme tilbake til.

Grete Karin Berg, fungerande regiondirektør i NHO Vestland, seier mange av reiselivsbedriftene i regionen vil få det tøft framover. Foto: NHO
Grete Karin Berg, fungerande regiondirektør i NHO Vestland, seier mange av reiselivsbedriftene i regionen vil få det tøft framover. Foto: NHO

Viktig for kommunane

Nyland meiner det er viktig å hugse på ringverknadane av reiselivet for kommunane.

– Berre i Bergen kommune er det omtrent 11.000 menneske som arbeider i reiselivsnæringa. Sidan så mange er sysselsett i næringa, bidreg det med høge skatteinntekter til kommunar på Vestlandet.

For reiselivsaktørane er særleg løysingar for sesongbedriftene viktig.

– Det er viktig at bedrifter med sesongdrift får hjelp. I eit normalår kjem om lag 70 prosent av inntekta til reiselivet i Bergen i hovudsesongen. Då er det klart at koronakrisa får store konsekvensar for næringa.

Direktøren i NHO Vestland seier mange av deira medlemmer meiner regjeringa sine kriselån ikkje treffer godt nok. Ei nedbetalingstid på 3 år blir for mange for kort.

– Det vil ta lang tid for næringa å komme seg på beina igjen, og då vil det vere umogleg å betale eit ekstra lån samstundes. Tilbakemeldinga vi får frå medlemmer er at dei ønsker ei nedbetalingstid på 10 år, med 3 års avdragsfridom. Det er framleis tidleg å seie noko om korleis det vil gå for mange av reiselivsbedriftene, seier Berg.

(©NPK)

Neste artikkel

– Veldig uheldig at man skal slå noen billige poenger på en alvorlig smittesituasjon