Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Reagerer på nytt kommunevåpen

Det nye kommunevåpenet i Volda kommune skal likne eit pennesplitt omkransa av to ljåblad. Men symbolet vekkjer heilt andre assosiasjonar hos mange.

– Min første tanke var at eg syntest det likna veldig på ein vulva, sett nedanifrå. Det er så klart mogleg det er ein yrkesskade, men det var det eg så umiddelbart, seier Therese Utgård til Dagbladet.

Utgård er busett i Sykkylven kommune og jobbar som lege og nokre gonger med seksuell helse. På Twitter spurde ho førre veke kva den nye kommunen har tenkt på med det nye kommunevåpen-symbolet.

Også andre har reagert på symbolet. Ifølgje Sunnmørsposten har motivet fått tilnamn som «Dama med ljåen» og «Heraldisk porno».

Annonse
Det nye kommunevåpenet i Volda kommune skal likne eit pennesplitt omkransa av to ljåblad. Men symbolet kan vekke heilt andre assosiasjonar. Foto: Volda kommune
Det nye kommunevåpenet i Volda kommune skal likne eit pennesplitt omkransa av to ljåblad. Men symbolet kan vekke heilt andre assosiasjonar. Foto: Volda kommune

Nye Volda kommune er samansett av Volda og tidlegare Hornindal. Det nye våpenet er samansett av symbol frå dei to gamle kommunevåpena. Då det endelege motivet skulle avgjerast i april 2018 var det fleire stemmer i Fellesnemda i kommunen som òg meinte det er dei edlare delane til kvinna ljåblada passar på, ifølgje Møre Nytt.

Utgård ser ikkje noko problematisk med assosiasjonane ein får av det nye kommunevåpenet.

– Eg synest ikkje kommunevåpenet er problematisk, men det er heller morosamt og fint at to mannlege ordførarar heidrar kvinnene og gir oss ein plass i det nye kommunevåpenet, seier Utgård til Dagbladet.

Neste artikkel

Tradisjonshåndverkere lager nytt fylkesordførerkjede