Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Raumavassdraga friskmeldt for lakseparasitten gyrodactylus salaris

Mattilsynet friskmeldte fredag Raumavassdraga i Møre og Romsdal. Friskmeldinga er resultat av ein 40 år lang kamp mot lakseparasitten gyrodactylus salaris.

Laksejubel for Elvestuen: Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) deltek i dag i friskmeldinga av Raumavassdraga i Møre og Romsdal etter lang kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Her frå besøk i Drammensvassdraget i Buskerud hausten 2018. Foto: Klima – og miljødepartementet
Laksejubel for Elvestuen: Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) deltek i dag i friskmeldinga av Raumavassdraga i Møre og Romsdal etter lang kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Her frå besøk i Drammensvassdraget i Buskerud hausten 2018. Foto: Klima – og miljødepartementet

– Kampen mot gyro-parasitten er ein suksess. Friskmeldinga av Raumavassdraga høver særs fint no i Villaksens år. Dette er eit langt steg nærare målet om å få fjerna gyro-parasitten frå Noreg, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Lakseparasitten Gyrodactylus salaris er ein framand, skadeleg art som har vore funnen i 17 regionar i landet.

Drammen og Driva igjen

– No står det att to regionar som treng tiltak – Drammensregionen og Drivaregionen. I Driva er det bygd ei fiskesperre som første fase i å nedkjempe parasitten der, seier Elvestuen.

I Raumavassdraga vart det nytta rotenon-gift for å fjerne parasitten i 2013 og 2014. Etter det fekk elvane fem år karantene. No kan ein slå fast at parasitten er heilt borte frå desse vassdraga.

Annonse

- Kamp i 40 år

– Arbeidet for å bli kvitt gyro-parasitten har vore langvarig og hardt, men er i det store og heile ein suksess. Denne parasitten kunne ha utrydda alt av laksebestandar i Noreg, men no har vi kontroll på denne trugselen, seier Elvestuen.

Heilt sidan lakseparasitten Gyrodactylus salaris vart innført til Noreg, har styresmaktene hatt som mål å fjerne parasitten. Det har òg vore viktig å hindre at han spreier seg.

Raumalaksen redda i genbank

Genmaterialet frå laksebestandane i Raumavassdraga har vore teke vare på i Herje genbank i Ålesund. Laksen i dei friskmelde vassdraga vil difor vere genetisk tilpassa dei lokale tilhøva.

Etter å ha vært til stades under friskmeldinga av Raumavassdraga fredag ettermiddag skal Elvestuen besøke genbanken i Ålesund.

Neste artikkel

Ny plan for villaks: Miljødirektoratet peker på lukkede oppdrettsanlegg og merking av oppdrettslaks