Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rapport: Verda kan bli utsleppsfri innan 2050

Verda kan komme heilt over på fornybare energikjelder innan 2050, ifølgje ein finsk-tysk klimarapport.

– Ein global overgang til 100 prosent fornybar energi på tvers av alle sektorar – kraft, varme, transport og vassavsalting – er oppnåeleg innan 2050, slår rapporten «Global Energy System based on 100 % Renewable Energy» fast, ifølgje nettmagasinet til Norsk klimastiftelse , Energi og klima.

Det er klimaøkonomar ved Lappeenranta – Lahti University of Technology (LUT) i Finland og den tyske tankesmia Energy Watch Group som i rapporten har prøvd å beskrive den mest kostnadseffektive måten å gjere all energiforbruk i verda fornybart innan 2050.

Vindkraft blir om tretti år den nest viktigaste energikjelda etter solenergi, ifølgje ein ny rapport. Illustrasjonsfoto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix
Annonse

Forskarane ser for seg ei omfattande elektrifisering av alle samfunnssektorar i åra framover. I 2050 må vi produsere fire til fem gonger så mykje straum, og alle fossile energikjelder må vere fasa ut.

Den viktigaste energikjelda i framtida er solenergi, meiner klimaøkonomiane. Dei ser for seg at 69 prosent av den globale energiproduksjonen om tretti år er solkraft. Vindkraft blir nest størst og kjem til å stå for 18 prosent av produksjonen.

Det samla investeringsbehovet er på oppunder 650.000 milliardar kroner (67.200 milliardar euro), ifølgje rapporten.

Rapporten er dedisert til den svenske miljøaktivisten Greta Thunberg og #Fridaysforfuture-rørsla.

Neste artikkel

Sverige holder tilbake utbetalinger til norsk skogselskap i Afrika