Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rapport: Cruiseskip er utsleppsversting

Noreg er ifølgje ein rapport eitt av dei landa som er verst ramma av forureining frå cruiseskip.

Eit cruiseskip utanfor Loen inst i Nordfjord. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPK

Berre Spania, Italia og Hellas og Frankrike har meir utslepp frå cruiseskip enn Noreg. Her i landet er utsleppa av helseskadeleg svoveldioksid frå cruisetrafikken fem gonger så høge som frå all annan skipstrafikk langs norskekysten. Det viser ein studie frå den europeiske organisasjonen Transport & Environment (T & E).

– Luksuriøse cruiseskip er flytande byar som blir drive av noko av det skitnaste drivstoffet som finst, seier shippingansvarleg Faig Abbasov i T & E ein kommentar til rapporten.

Dette er første gongen det kjem tal på kor mykje svovel cruisetrafikken slepper ut i norske farvatn. Ifølgje rapporten frå T & E er cruiseskipa blant dei aller verste forureinarane, ikkje berre av svovel. Også utsleppa av nitrogenoksid (NOx) er rekordhøge.

Organisasjonen viser til at 110 cruiseskip som trafikkerte norske farvatn i 2017 slapp ut 5.100 tonn SO2. Utsleppa frå resten av innanriksflåten var på om lag 1.000 tonn i året, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB), skriv Teknisk Ukeblad.

Annonse

NOx-utslepp frå bilar i Noreg er på 13.000 tonn, medan utsleppa frå cruisetrafikken er på nesten 19.000 tonn. NOx kan også gi helseplager som astma.

Sidan cruiseskipa seglar nær land, blir konsekvensane større.

– Nesten alle desse utsleppa fell ned på fastlandet, peikar Abbasov på.

Morten Simonsen i Vestlandsforsking har forska på korleis cruiseturismen påverkar miljø og økonomi. Han meiner tala frå T & E ikkje verkar urimelege, men understrekar at det er stor uvisse knytt til slike utrekningar.

– Skipa bruker ulike drivstoff i ulike farvatn, og så lenge ein ikkje veit kva slags drivstoff kvart enkelt cruiseskip brukar til kvar tid, er det vanskelege berekningar å gjera, seier Simonsen til Teknisk Ukeblad.

I verdsarvfjordane på Vestlandet tredde nye miljøkrav i kraft frå 1 mars. Den nye forskrifta krev at svovelinnhaldet i drivstoffet maksimalt skal vera på 0,10 vektprosent. Eitt cruiseskip er bøtelagt for brot på miljøregelverket, og Sjøfartsdirektoratet har varsla tett oppfølging og kontroll gjennom sommaren.

Neste artikkel

Arrangørene av Femundløpet frykter vindkraftplaner