Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rådyrkalven vart jaga ut i vegbana av ein hund

Etter at rådyrkalven vart påkøyrt, oppmodar no Fredrikstad kommune alle til å huske at det er bandtvang frå 1. april til 20. august.

– Det var ein laus hund som jaga rådyrkalven ut i vegen. Det kom dessverre ein bil som ikkje klarte å bremse ned tidsnok, så kalven vart påkøyrd og døde, seier Marius Knudsen. Han er skogforvaltar i kommunen.

Han seier ein av grunnane til at det er bandtvang er for å hindre slike ting frå å skje.

– Vi vil minne folk på at det framleis er bandtvang, og den er der for ein grunn.

«Min hund er snill»

– Dei fleste hundeeigarar er flinke til å ha hunden i band, men det også dei som ikkje er det. Mange tenker nok «min hund er snill, han jagar ikkje vilt».

I Norge er det generell bandtvang, men det er enkelte unntak. Mellom anna får tenestehundar og ettersøkshundar, som søker etter skadde dyr, unntak.

– Lova er der mellom anna for å beskytte beitedyr og vilt som har ungar.

Annonse

– Ville dyr bur her også

Han trur det er mange som ikkje tenker over at det bur vilt i bustadområda.

– Det er nok mange som tenker det ikkje er vilt nær bustadområde, men det er ikkje ei unnskyldning til å la hunden gå laust når det er bandtvang, seier han.

– Dei ville dyra bur her også.

Den generelle lova seier at det er bandtvang for hundar mellom 1. april og 20. august. Kommunane kan sjølv ha lokale forskrifter, men Fredrikstad har ikkje det.

– Vi har ikkje opplevd mange tilfelle av dette, men vi kan jo lese i media om lause hundar som angrip beitedyr, men det har ikkje vore noko stort problem i Fredrikstad.

– Men vi er midt i bandtvangen, og det er viktig å minne folk på det, avsluttar Knudsen.

Les også:

Neste artikkel

Kvinne fraktet til sykehus etter å ha blitt påkjørt av traktor