Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rådgjevar: - Nye kommunar bør jobbe med slagord

Merkevarebygging handlar om å tiltrekke seg og behalde kundar. Her kan kommunane lære av privat næringsliv, meiner Per Paulsen som er strategisk rådgjevar.

Mange kommunar har slagord. Fotomontasje: Käthe Friess

Paulsen jobbar som strategisk rådgjevar i selskapet Bmerk. Til Kommunal Rapport seier han det særleg er dei som skal slåast saman, som kan lære mykje av privat næringsliv.

Annonse

– Storkommunar kan ha litt å lære av det private næringslivet, der eit selskap er avhengig av å stå fram som attraktivt for å vere levedyktig. På same måte som ei privat bedrift må ei kommune vere opptatt av å levere gode produkt og tenester, seier han.

– Kanskje meir enn nokon gong treng norske storkommunar ein visjon og eit godt merkeløfte. Noko som er samlande, styrande og inspirerande når dei skal lære seg å leve saman under eitt felles namn, eller ei ny merkevare, om vi vel å sjå det slik, seier han.

Han seier òg at flosklar og kommuneslagord utan rot i verkelegheita kan slå uheldig ut for kommunen.

Neste artikkel

Sp-ordførarar vil ha kommunesamanslåing