Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Potetkjellar vart vinkjellar

For hundre år sidan var romma under kjøkkenet potetkjellar og oppbevaringsrom for hermetiserte kjøttkaker og grønsaker. I dag er det langtidslagra raudvin og sprudlevatn som gjeld.

SAMLAR: Hjalmar Nørstebø-Solbjør og Kjersti Nørstebø-Solbjør har eit par hundre vinflasker i kjellaren. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
SAMLAR: Hjalmar Nørstebø-Solbjør og Kjersti Nørstebø-Solbjør har eit par hundre vinflasker i kjellaren. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Garden Solbjør – berga der sola skin – litt utanfor Gjøvik er frå 1300-talet, og vart kjøpt av besteforeldra til Hjalmar Nørstebø-Solbjør i 1918.

– Det var ganske nedslite her då, fortel han.

Som på andre gardsbruk på den tida var det stor grad av sjølvforsyning. Av dyr hadde dei både kyr, hestar, sauer og griser. På jorda voks korn, poteter, kålrot og gras – fôr til både dyr og menneske. Og i kjellaren låg potetene frå golv til tak. Hjalmar hugsar at faren bar ned store tønner med jorddekte poteter. Jorda låg igjen i kjellaren på våren. Og i hyllene stod hermetisert kjøtt: ribbe, kjøttkaker, biffstykke i kraft – alt det ein ikkje salta ned. Hjalmars mor hermetiserte fram til frysaren overtok utpå 60-talet. Plommer, eple og alt slags syltetøy av bær frå skogen vart òg lagra. Rad på rad med norgesglas fylte kjellarhyllene.

Tidsmessig

I dag er kjøkkenet på Solbjør modernisert, med kvite frontar, eit par designstolar og ein flatskjerm på veggen. Det tidlegare gulna furugolvet er slipt, kvitbeisa og lakkert, gardsfolket har rive ein vegg og endra på romløysinga. Den siste oppussinga fann stad etter at Kjersti Nørstebø-Solbjør flytta inn for fire år sidan, då ho og odelssonen Hjalmar skulle etablere ein ny felles heim saman i vaksen alder.

– Alt var prega av furu, det var ikkje gjort noko her sidan … 92? seier ho og ser spørjande på ektemannen.

– Å jo då, seier han og ler.

VEL UT: Saman går Hjalmar Nørstebø-Solbjør og Kjersti Nørstebø-Solbjør ned i kjellaren og vel ut vin dei trur passar til middagen. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
VEL UT: Saman går Hjalmar Nørstebø-Solbjør og Kjersti Nørstebø-Solbjør ned i kjellaren og vel ut vin dei trur passar til middagen. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Ho hadde allereie ein godt etablert venninne-vinklubb. Dessutan var ho opphavleg utdanna kokk, med lite grann kunnskap om vin til mat. Saman byrja dei å utforske vinverda. Dei gjekk på eit vinkurs, smakte, prøvde seg fram.

– Eg er på ingen måte nokon vinekspert. Men det fine er at ein tileignar seg meir kunnskap slik. Eg har vorte meir bevisst på at eit måltid består av både mat og drikke, og eg blir meir oppteken av å samle vin når eg har ein plass eg kan ha han, seier Hjalmar.

– Og jo meir vi lærer, desto meir skjønner vi at vi har å lære, supplerer Kjersti.

Drikk meir vin

Nordmenn har vorte ein nasjon av vinelskarar. SSBs statistikk over alkoholomsetnad viser at det samla vart selt omtrent dobbelt så mykje brennevin, vin og øl i 2016 som i 1970. Men viss ein ser på vinsalet separat, har det meir enn åttedobla seg i den same perioden. I 2010 hadde vin ein større del av samla alkoholkonsum blant nordmenn (35 prosent per innbyggjar) enn blant spanjolar (20 prosent). Veksten i alkoholforbruk etter andre verdskrigen kan knytast til ein meir liberal alkoholpolitikk, auka tilgjenge og endra drikkemønster, viser alkoholforsking. Runar Døving, professor ved Høyskolen Kristiania, knyter veksten først og fremst til Vinmonopolet.

INTERESSERT: Kjersti Nørstebø-Solbjør hadde litt meir kunnskap om og interesse for vin enn ektemannen då dei vart saman. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
INTERESSERT: Kjersti Nørstebø-Solbjør hadde litt meir kunnskap om og interesse for vin enn ektemannen då dei vart saman. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Vinmonopolets idé var jo å få nordmenn over frå sprit til vin. Ein kan seie dei har hatt enorm suksess. Dei er flinke på service og kvalitet, det er ikkje mange varer her i landet med like høgt kvalitetsnivå på salet. Vi drikk den beste vinen i verda, seier han.

Fordi Vinmonopolet har flat avanse, er dessutan dyr vin relativt sett rimelegare i Noreg enn i andre land.

Auka interesse

Nordmenn flest kjøper framleis mest av dei billege vinane. Samtidig har det salet av dei dyre flaskene auka.

– Den magiske grensa for kva folk synest er dyr vin, har flytta seg oppover over heile landet, seier Jens Nordahl, pressesjef i Vinmonopolet. Han påpeikar ei endring som ikkje berre kan forklarast med generell vekst i prisnivået:

Salet av raudvin på flasker som kostar over 500 kroner stykket, var på cirka 2300 liter i år 2000. I fjor var det 60.000 liter. Og salet av flasker med pris mellom 300 og 500 kroner, har syttendobla seg i same tidsrom.

– Kunnskapen om og interessa for vin har auka betydeleg. Folk kjøper vesentleg breiare i dag enn tidlegare: Etterspurnaden er spreidd over mange vinland, distrikt, stilretningar og prissjikt, seier han.

Rom til vin

Ole Hartvig Bjerknæs-Jacobsen er prosjektansvarleg i Vinoteca, som byggjer spesialbestilte vinrom- og kjellarar, i snitt to-tre i månaden for privathus, i prissjiktet frå 200.000 til ein snau million. Mens dei før bygde flest vinkjellarar for rikfolk i Oslo, byggjer dei no over heile landet, og både i leilegheiter og på hytter.

– Vi byggjer mykje på dei kjende skistadane i Noreg, fortel han.

Døving på si side meiner ein ikkje bør overdrive utbreiinga av private vinrom.

– Det er ikkje vanleg. Men med aukande interesse og fleire som har økonomi til det, vil etterspurnaden etter slikt auke, trur han.

Sjølv har han ikkje planar om å få laga vinkjellar:

– Eg er meir glad i øl, eg.

Rimeleg løysing

Kjersti Nørstebø-Solbjør la merke til teppet som låg over trelemmen ned til den gamle potetkjellaren:

– Som om ein skulle skjule noko. Går det ikkje an å gjere noko med den kjellaren, spurde eg.

Annonse
FØR OG NO: Då Hjalmar var liten, hadde familien poteter i vinkjellaren. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
FØR OG NO: Då Hjalmar var liten, hadde familien poteter i vinkjellaren. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Ekteparet byrja å undersøkje moglegheitene for å lage ein vinkjellar. Vinskåp og dyre, spesialdesigna løysingar vart vurdert, før dei landa på ei mykje rimelegare løysing: Terrasseheller frå eit hagesenter på golvet, rimelege, ubehandla furuhyller med opning for flaskehalsar, funne på nett, som dei beisa sjølv. OSB-plater som hyller og vegg. Trelemmen ned til kjellaren vart skifta ut med glas, laget på mål av ein glasmeister. Ein lokal sveisar laga ein stålkant rundt glaset, og ordna ein stålvaier som gjorde opning og lukking lettare. Ein lokal snikkar sette opp hyllene og platene. Til saman kosta vinkjellaren dei omtrent 20.000 kroner.

STOR: Femlitersflaska i hjørnet kjøpte Kjersti på reise. – Ho skal drikkast i eit lag der vi berre skal ta éi flaske, seier ho. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
STOR: Femlitersflaska i hjørnet kjøpte Kjersti på reise. – Ho skal drikkast i eit lag der vi berre skal ta éi flaske, seier ho. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Bryllaupsgåve

Dei anslår at dei har eit par hundre flasker til saman i kjellaren, som også rommar noko servise og anna kjøkkenutstyr. På golvet står ein stor sylinderforma glasvase, halvfull av korkar. Det er alle flaskene som er drukke sidan dei etablerte vinkjellaren for tre år sidan. Kjersti drøymer om å lage eit bord av ei vintønne dekt av korkar, der ho kan arrangere vinsmaking for venninnene.

I starten var det tilfeldig kva for flasker som vart kjøpt inn: Tilbod på polet, nokre flasker dei likte.

– Etter kvart vart vi meir bevisste på å lagre litt meir eksklusive vinar også. Men dei skal ikkje berre vere til pynt, men òg til bruk, understrekar Kjersti.

Jo lenger inn i kjellaren du kjem, desto finare er vinen. Nokre italienske Baroloar er best etter mange års lagring.

– Men vi har ikkje mangetusenkronersflasker, seier Hjalmar.

I bryllaupsgåve fekk dei vin som var best etter eitt års lagring og som skulle drikkast første bryllaupsdag, éi flaske som skulle lagrast i tre år og drikkast tredje bryllaupsdag, ei anna til det femte året, og deretter flasker som skulle opnast kvart år fram til tjue års bryllaupsdag.

– Det er ei kjempefin bryllaupsgåve, tipsar Kjersti.

Pratar vin

Temperaturen ligg mellom 12 og 14 grader året rundt. Luftfukta har dei ikkje målt, og dei understrekar igjen at dei ikkje er ekspertar, at vin først og fremst er ein artig hobby. Før eit måltid går dei gjerne ned saman og finn ein vin dei trur passar godt til maten dei skal ete.

– Så pratar vi litt vin og lèt som vi kan det: Smakar ikkje denne litt brent kaffi? Jord? Sand? Vi leikar oss litt med det, fortel Kjersti.

SMAKAR: Ekteparet har vore på vinkurs, og luktar og smakar seg fram til kva dei føretrekkjer. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
SMAKAR: Ekteparet har vore på vinkurs, og luktar og smakar seg fram til kva dei føretrekkjer. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Det einaste aberet ved å ha ein vinkjellar måtte vere at ein kjenner på at han ikkje bør bli for glissen, synest dei.

– Når vi har brukt opp litt vin, må eg liksom fylle opp litt. Slik hadde eg det ikkje før, seier Hjalmar.

Dei ler.

– Nei, kva skal vi gjere viss det blir tomt, spør Kjersti, og svarar sjølv:

– Byrje med poteter igjen?

KJELLARLEM: Tidlegare dekte ein plankelem over potetkjellaren. No er lemmen av glas og stål. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
KJELLARLEM: Tidlegare dekte ein plankelem over potetkjellaren. No er lemmen av glas og stål. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Vêr obs på temperatur og luftfukt

Liora Levi er vinkelner og vinekspert for God morgen Norge på TV 2, og jobba tidlegare med design av vinkjellarar. Sjølv har ho eit vinskåp i stova – i stor kjøleskåpsstorleik – med plass til cirka 200 flasker, i tillegg til at ho får lagre litt vin i kjellaren til nokre kjende.

– I vinskåpet heime har eg ikkje dei dyraste og meste sjeldne vinane, men dei eg kan drikke til vanleg, fortel ho.

Frittståande vinskåp kan ein få kjøpt i alle prisklassar, frå nokre få tusen kroner på ein elektrobutikk og oppover, avhengig av storleik og kvalitet. Viss du tenker at vinskåp er tingen, anbefaler ho at skåpet bør vere vibrasjons- og støyfritt. Når du skal lagre vin, er det i tillegg ønskeleg å ha ein jamn temperatur og ei luftfukt på 70–80 prosent.

– Om temperaturen er ti, elleve, tolv eller tretten grader er ikkje så nøye, men det bør ikkje vere svingingar i temperaturen, seier ho.

Elles minner ho om at vinflaskene bør takast vare på liggjande, slik at korken held seg fuktig.

– Viss korken tørkar ut, kan luft sleppe inn i flaska, noko som øydelegg vinen, seier ho.

Viss du skal byggje ein vinkjellar, anbefaler ho å isolere godt, og å ha eit kjøleapparat som sørgjer for jamn temperatur og rett luftfukt. I tillegg rår ho deg til å byggje kjellaren større enn du hadde tenkt.

– Han blir fort full, du kjem til å synast han er for liten snart, seier ho.

Ole Hartvig Bjerknæs-Jacobsen er prosjektansvarleg i Vinoteca, som byggjer spesialbestilte vinrom- og kjellarar. 80–90 prosent av bestillingane kjem frå privatpersonar.

KJELLAR: Frå kjøkkenet har paret enkel tilgang til vinsamlinga. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
KJELLAR: Frå kjøkkenet har paret enkel tilgang til vinsamlinga. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Vi ser ei lita dreiing frå at folk vil ha ein tradisjonell vinkjellar, til at dei føretrekkjer vinrom, ofte berre 60 cm djupe med glasdører og kjøling, på kjøkken, i stove, gang eller der det kan passe i eit hus. Folk har vorte meir opptekne av vin, og dei vil ha han meir tilgjengeleg, trur han.

Når dei byggjer eit såkalla vinrom, dekkjer dei gjerne ein heil vegg med vinreolar, dunkel belysing og glasruter.

– Då blir det gjerne sett på som eit møbel, ikkje berre eit vinoppbevaringsrom. Folk gjer det i staden for å henge opp bilde på veggen, seier han.

Neste artikkel

Sognemålet erstattar yorkshiredialekt i Stormfulle høgder