Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Poteter som ikkje er fine nok blir til akevitt

Fleire titusen tonn med poteter når ikkje fram til butikkhylla. I staden for blir dei brukte til norsk tradisjonsdrikke.

Mange nordmenn anser akevitt som ei naturleg avslutning på julemiddagen. Foto: Arcus
Mange nordmenn anser akevitt som ei naturleg avslutning på julemiddagen. Foto: Arcus

Hos potetfabrikken til Hoff på Gjøvik, tek dei imot om lag ein tredjedel av potetene i Norge. Fabrikken er eigd av 519 norske potetbønder, og potetene som ikkje er fine nok til butikken, går til å lage norsk sprit.

Ifølge pressemeldinga er det om lag 50.000 tonn poteter som ville gått i søpla viss dei ikkje hadde blitt nytta i anna produksjon.

– Vi sørger for å redusere matsvinn ved å bruke desse potetene i spritproduksjon, seier administrerande direktør i Hoff, Ingeborg Flønes, i ei pressemelding.

Hoff er eitt av tre brenneri som lagar sprit av potetråstoff i Norge. Dei andre er Atlungstad i Stange og Sve Gardsbrenneri i Vågå.

– Det sikrar også norsk kulturarv. Vi har brukt norske poteter til å produsere sprit i 180 år.

Nordmenn, akevitt og jul

Ei undersøking gjort av Norstat på vegner av Arcus, som leverer vin og brennevin i Norge, viser at akevitt heng saman med jul og tradisjonar for nordmenn.

Annonse

Det er 41 prosent av dei spurde som seier dei drikk akevitt til julematen, men for at ein akevitt skal kunne kallast norsk, må han bestå av minst 95 prosent norske poteter og ha vore lagra på fat i minst seks månader.

Det har blitt seld mykje meir akevitt i år enn i 2019. Det kan mellom anna vere på grunn av stengde grenser, som gjer at nordmenn handlar meir i Norge enn tidlegare.

Måtte lansere juleakevitt i sommar

På grunn av den auka etterspurnaden, vart den første juleakevitten for i år lansert allereie i sommar.

Atle Minothi er akevitambassadør i Arcus. Foto: Arcus
Atle Minothi er akevitambassadør i Arcus. Foto: Arcus

– Vi har opplevd ein stor pågang i 2020. Juleakevitten frå i fjor vart utseld rekordtidleg, noko som gjorde at vi måtte klinke til med ei tidleg lansering av juleakevitten i år. Han vart til og med lansert før julemarsipanen, seier akevittambassadør i Arcus, Atle Minothi.

Dei er ikkje dei einaste som merker vekst. Omsetninga av alkohol steig med 21 prosent i vårmånadane april, mai og juni, samanlikna med same periode i 2019. I juni og juli auka inntektene til staten med 318 millionar kroner for ølsal.

Neste artikkel

Slik skal Coop sørge for mindre potetsvinn