Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Potetar som skulle blitt sprit på plass i butikkhyllene

Små potetar som skulle blitt sprit har fått plass i hyllene hos Coop.

Bjørn Takle Friis er kommunikasjonsdirektør i Coop. Foto: Vidar Sandnes
Bjørn Takle Friis er kommunikasjonsdirektør i Coop. Foto: Vidar Sandnes

Sommarens tørke gir dårlege kornavlingar, grovforkrise og den har også skapt problem for grønsaksproduksjonen. Potetar treng jamn tilgang til vatn for å gro. I år har det blitt mange små potetar.

Sprit og potetmjøl

– Dei små potetane blir vanlegvis til potetmjøl eller sprit. Bøndene får då ein heilt annan pris for dei enn dei får frå oss no. Så dette er ei bra greie på flere måter, seier kommunikasjonssjef i Coop Norge, Bjørn Takle Friis til NRK. I juli melde butikk-kjeda at dei ut over hausten vil ta fleire «snåle» grønsaker inn i hyllene.

Annonse

Bondelaget fornøgd

Dei første ladningane med tørkeramma småpotet er alt sendt ut til butikkane, fortel NRK. Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes seier seg fornøgd med tiltaket.

– Vi veit at tørkesituasjonen gir dårlegare utvikling av poteten, og at færre poteter når den tradisjonelle storleiken. Vi er glade for at kjedene legg tilrette for at forbrukarane skal få gode norske matopplevingar utover hausten, sier Bartnes til NRK.

Enorme avlingsskadar

Nationen har tidlegare fortald at prognosane frå fylkesmennene seier at det kan bli avlingsskadeerstatningar på over ein milliard etter sommarens tørke.

Neste artikkel

Her har kyrne blitt melket på solkraft i sommer