Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Populær Sogn og Fjordane-vin

Vinmonopolet i Førde tok i haust inn 399 vinflasker med spesiallaga Sogn og Fjordane-etikett. No er alle flaskene selt ut og polet merka større interesse for vinen desto nærare ein kom fylkessamanslåinga med Hordaland.

– Vi har ikkje marknadsført denne Sogn og Fjordane-vinen spesielt, men det ser ut til at ryktet har gått blant folk, seier butikksjef Bjørn Kristian Sunde ved Førde vinmonopol til Firda.

– Det verkar som folk ser på denne vinen som eit samleobjekt, seier han.

Trass i at etiketten på flaskene seier Sogn og Fjordane, er sjølve vinen frå Italia.

Annonse

– Det er ein toskansk vin, så smaken kjem nok frå eit stykke unna Sogn og Fjordane. Enno har det ikkje blitt så varmt her at vi kan halde oss med eigen vin i større kvanta. Vi får sjå korleis det blir om ti år, seier Sunde.

(©NPK)

Neste artikkel

Bønder demonstrerer over store deler av Europa