Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Politisk innhald trumfar trynefaktor når vi stemmer

Politikken er viktigare enn trynefaktor når vi går til stemmeurnene, viser ein ny studie. Forskarane åtvarar mot å undervurdere veljarane.

Folk er mer interessert i hva enn hvem de stemmer på. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Medieeksponering kan faktisk verke mot si hensikt dersom ho er utan politisk eller verdimessig innhald, viser ei undersøking om PR, politikarar og medieeksponering frå tre forskarar ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO ).

Forskarane undersøkte om veljarane lèt seg påverke av at politikarane var i media før valet, og kva for medieeksponering som kunne gjere utslag på valresultatet.

Studien tok utgangspunkt i fleire hundre tusen medieoppslag om over 200 kandidatar frå lokalvala i Oslo i 2003, 2007, 2011 og 2015. Desse vart delte inn i politisk relevante oppslag og politisk irrelevante oppslag. Døme på irrelevante oppslag er at ein politikar var til stades på arrangement som premierar og fotballkampar, skriv UiO.

Annonse

Dei fann ut at mediemerksemd i kategorien «Ikkje politisk relevant» ikkje førte til fleire personstemmer, og at det at politikaren var synleg, i seg sjølv ikkje gav utteljing.

Det var gjennomgåande det politiske og verdimessige innhaldet i medieoppslaga som gav utslag.

Forskarane meiner at funna òg har overføringsverdi til andre val og til andre land.

(©NPK)

Neste artikkel

Helleland: – Støre har mistet kontroll over venstresiden