Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Politiet: Dyreeigarar kjenner ikkje lovverket godt nok

På tre år har talet på dyrevelferdssaker i rettssystemet mangedobla seg. Politiet trur mange dyreeigarar ikkje veit kvar grensa går.

Kattar får ligge i fred for obligatorisk ID-merking.Foto: Kari Hamre / NPK
Kattar får ligge i fred for obligatorisk ID-merking.Foto: Kari Hamre / NPK

– Det er ikkje alltid like lett å vite kvar grensa går når det gjeld dyr. Noko av det viktigaste vi kan gjere er å drive med førebygging og fortelje kva som er riktig og gale, seier leiar for dyrekrimgruppa i Trondheim, politioverbetjent Grethe Møkkelgård Fossum, til NRK.

Annonse

I 2017 vart det registrert sju straffereaksjonar for brot på dyrevelferdslova – enten i form av ein dom eller eit førelegg. Året etter var talet på saker tredobla. I fjor enda ein på 48 dommar og førelegg. I tillegg er det mange saker som blir lagde bort.

Frå 2015 og fram til i dag har fokuset på dyrekriminalitet auka. Frå å ha ei dyrekrimgruppe lokalisert i Trondheim, har ein no fem grupper på landsbasis. Den sjette er snart på plass.

Neste artikkel

Bonde mistenkt for brot på dyrevelferdslova: Mattilsynet har avliva 60 storfe