Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Polartorsken slit med global oppvarming

Bestanden av polartorsk blir svekt av varmare klima og mindre is i Barentshavet, ifølgje forskarar.

Torsk frå Barentshavet slit med den globale oppvarminga. Foto: Mariann Tvete
Torsk frå Barentshavet slit med den globale oppvarminga. Foto: Mariann Tvete

– Dessverre viser framskrivingar av klimascenario eit varmare og tilnærma isfritt Barentshav allereie i 2030. Dette gir dårlege framtidsutsikter for grunnsteinen i den arktiske næringskjeda, konkluderer havforskar Mats Huserbråten i ei sak på nettsidene til Havforskingsinstituttet.

Annonse

Huserbråten og kollegaene Elena Eriksen, Harald Gjøsæter og Frode Vikebø har kombinert data frå det årlege økosystemtoktet i Barentshavet med modellar som simulerer blant anna havstraumar og havtemperatur. Ut frå dette kunne dei anslå kvar torsken mest truleg har gytt om våren, og korleis straumane har ført egg, larvar og yngel før han enda opp i trålposen om hausten. Det resulterte i forskingsartikkelen «Polar Cod in jeopardy under the retreating Arctic sea ice».

– I 1995 var for eksempel rekrutteringa av ny polartorsk den lågaste som har vore observert, noko som sannsynlegvis hadde samanheng med rekordlågt isdekke søraust i Barentshavet. Dette i motsetning til 1998, då rekrutteringa var rekordhøg i søraust. Dette fall saman med den største utstrekninga av isdekket sidan 1980-talet, seier Huserbråten.

Neste artikkel

Vil ha lovendringer slik at jakt og fiske kan skape nye arbeidsplasser i distriktene