Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Påskeunderhaldning: Alt på eitt brett

Brettspel er i dag mykje meir enn Ludo. Det finst mange tusen spel å velje mellom for å få til ein vellykka kveld med familie og venner.

VERE SAMAN: Aksel (12), Ea (7), pappa Steffen og mamma Eldrid set gjerne av tid for å spele brettspel saman. Av og til vel dei noko som tar ti minutt, andre gonger noko som tar heile kvelden, minst. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
VERE SAMAN: Aksel (12), Ea (7), pappa Steffen og mamma Eldrid set gjerne av tid for å spele brettspel saman. Av og til vel dei noko som tar ti minutt, andre gonger noko som tar heile kvelden, minst. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Skal eg dra til Los Angeles? spør sju år gamle Ea.

Ho sit ved kjøkkenbordet saman med storebror Aksel (12), mamma Eldrid Johansen og pappa Steffen R.M. Sørum. Dei speler Pandemic, eit spel der deltakarane saman skal hindre at verda går under på grunn av diverse fæle sjukdommar.

– Nokre spel må ein setje av kvelden til, i nokre tilfelle heile helga, seier Eldrid.

Alle saman trekkjer fram det sosiale: Dei sit saman rundt eit bord, ofte med venner, og blir engasjerte i noko felles.

– Før vi set i gang med til dømes Pandemic, må vi snakke saman, leggje ein strategi, seier Steffen.

Steffens brettspelråd

1. Set deg inn i reglane på førehand: Det er ikkje så mange sidene med tekst, men viss du trur du skal komme gjennom dei medan barna pakkar ut brikker og søler Solo utover stovebordet, må du tru om igjen. Les gjennom reglane kvelden før og/eller sjekk instruksjonsvideoar på YouTube, så er du klar.

2. Start enkelt. Mange drøymer om å spele dei avanserte sivilisasjonsspela med store kart og mange brikker, men det kan fort bli kaotisk og eit ork. Spel først nokre mindre spel med færre reglar og enkle mekanismar, så lærer også du meir og kan få meir progresjon.

3. Set av tid. Ikkje start for seint på kvelden. Dropp barne-tv og nettbrett, og ta gjerne ein spelerunde før eller rett etter middag.

4. Lytt til erfarne spelfolk. Sjekk gjerne nettstaden Boardgamegeek.com for tips eller meldingar. Nokre nettbutikkar har òg kommentarar og karakterar frå publikum. Elles ligg det ofte klipp på nettet.

5. Kjøp på nett. Utvalet i bokhandelen er ofte lite. Spesialbutikkane er ofte uhorveleg dyre. Å bestille frå utlandet kan fort bli utriveleg når tollen og portoen blir plussa på. Sjekk med norske eller skandinaviske nettbutikkar, dei har godt utval, ofte tilbod og generelt gode prisar.

Enormt utval

Brettspelmarknaden i dag er enorm og inkluderer alt frå enkle partyspel som kan ta ti minutt, til superkompliserte strategispel som det kan ta dagar å spele seg gjennom.

– På 1960-talet kom det kanskje 200 titlar per år, i 2000 rundt tusen nye per år. I 2018 vart det lansert 4.500 nye titlar, seier Jarek Szczepanik, brettspelansvarleg i Outland.

Jarek kom frå Polen for tre år sidan og synest nordmenn er litt konservative når det gjeld brettspel, men at det er ei betring å spore.

– Det er mykje å velje mellom, og spela har komme ein lang veg frå terning- og brikkespela. Ludo er steinalder. Monopol er framleis populært, men det trur eg nok er fordi folk knyter det til barndommen.

TEIKN I TIDA: Pandemic har vore eit svært populært spel dei siste åra og har dessverre vorte ekstra realistisk i år. Finst i fleire versjonar. Dette er eit samarbeidsspel. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
TEIKN I TIDA: Pandemic har vore eit svært populært spel dei siste åra og har dessverre vorte ekstra realistisk i år. Finst i fleire versjonar. Dette er eit samarbeidsspel. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Annonse

Samarbeid

Ein viktig speltype som har vakse fram dei seinare åra, er det Jarek kallar integrasjonsspel, altså samarbeidsspel.

– Her speler ein saman. Det blir ikkje kåra ein vinnar eller ein tapar, ein skal byggje eit lag, forklarer han.

Han seier at brettspel framleis er ei gutegreie, men at det blir fleire og fleire jenter involverte, både på design- og utviklingssida og som spelarar.

– Men vi har framleis ein lang veg å gå før det er full likestilling her.

Jarek ser ein tendens til at spela i stadig større grad byggjer ei historie, medan krigsspela ikkje er så populære lengre.

SAMARBEID: Mange moderne spel er laga slik at spelarane er på lag og skal løyse eitt eller fleire problem gjennom strategisk samarbeid. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
SAMARBEID: Mange moderne spel er laga slik at spelarane er på lag og skal løyse eitt eller fleire problem gjennom strategisk samarbeid. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Ver tolmodig

Heime hos familien Johansen/Sørum har dei eit breitt utval brettspel, og barna blir gjerne med.

– Favorittane mine er Seven Wonders, Ticket to Ride og Codenames, seier tolvåringen Aksel.

Pappa Steffen har spelt sidan ungdommen og har hatt med seg Aksel på guteturar til spelmesser i utlandet. Veslesøster Ea er gjerne med og speler, sjølv om spela er avanserte. Då set familien berre av litt ekstra tid til forklaringar, og kanskje speler ho på lag med ein av dei.

– Tenk på at alle som speler, skal få ei god oppleving. Det viktigaste er ikkje å vinne, men å ha det moro saman. Hjelp barna, og ver tolmodig om du må repetere reglane. Sjå gjennom fingrane med feil. Tenk at den første runden alltid er ein test, seier Steffen.

Tilrådde brettspel

Strategispel

Her er det litt meir å bryne seg på enn i familiespelsjangeren. Dei har nokre fleire sider med reglar, eller dei har tillegg som gjer at du må førebu deg.

7 Wonders: Eit sivilisasjonsbyggingsspel ein kan spele mange, mange gonger. Stadig nye strategiar og moglegheiter. Kan spelast med opptil sju spelarar og er relativt enkelt og raskt, så ein kan få til fleire rundar på ein og same kvelden.

Dominion: Som eit samlekortspel med ein vesentleg fordel: Du får alt du treng i boksen. Her skal du byggje ein stack og spele mot dei andre.

Isle of Sky: Kan minne om Carcassonne, men har fleire val og variantar, og spelmekanikk som gjer at du neppe kjem til å spele det same spelet fleire gonger. Her må du endre strategi for kvar runde. Kan òg vere familiespel.

Root: Ser ut som eit søtt familiespel, men er i realiteten eit mordarisk krigsspel. Fekk stor suksess då det kom ut, og eit nytt opplag er visstnok på veg.

Tomannsspel

Det held å vere to for å ha det morosamt med brettspel.

7 Wonders DUEL: I serie med klassikaren 7 Wonders, men for to spelarar.

Memoir 44: Eit spel frå andre verdskrigen. Små plastsoldatar og nokså enkle reglar. Ein god stad å starte om ein vil spele krigsspel.

Jaipur: Kortspel frå ein marknad der ein skal samle på verdiar (kort). Kan spelast med vaksne eller barn.

Familiespel

Få med barn, besteforeldre og mor og far. Familiespel er morosamt og har dilemma og utfordringar for alle.

Ticket To Ride: Togklassikaren alle bør ha spelt. Kjem i mange sjangrar.

Settlers: Klassikar og svært vanedannande. Ny norsk omsetjing nyleg ute.

Carcassonne: Også ein klassikar dei fleste burde ha i samlinga. Litt som eit puslespel og dermed enkel inngang for dei fleste.

Isle of Cats: Kattar møter Tetris. To sett reglar. Eitt sett for enkel familie- og barnespeling og eitt sett for vidarekomne.

Samarbeidsspel

Gloomhaven: Blir rekna som eitt av dei beste brettspela om dagen, men dette er tunge greier. Stor boks. Masse stæsj og reglar, som krev innsatsvilje. Fast gruppe spelarar på faste kveldar? Då kan dette vere noko.

Pandemic: Kjem i mange versjonar, men grunnspelet er enklast. Mange mekanikkar dei fleste kjenner frå før, og så er det eit samarbeidsspel der ein skal stoppe pandemiar. Passar bra i desse tider …

Chronicles of Crime: Løys mordmysterium saman. Det følgjer med ein app, og ein kan bruke VR-briller. Engasjerande og morosamt.

Exit-serien: Litt som å ha med eit eige «escape room» på hytta. Kjem med fleire ulike vanskegrader.

Selskapsspel

4–8 spelarar. Ikkje vanskelegare enn at dei kan spelast medan ein nyt eit glas vin. Enkle reglar og likevel engasjerande. Skal ikkje ta for lang tid.

Secret Hitler: Ein del av spelarane skal få Hitler til makta på 30-talet, men dei andre skal hindre det. Poenget er at ingen veit kven som er kven.

Codenames: Lagspel der ein gjennom ord skal komme fram til riktige personar. Passar for alle aldrar (viss ein kan lese).

Barnespel

Barnespel har enkle mekanikkar og enkle reglar og lite såkalla cut-throat-konkurranse – dermed unngår ein ei dårleg oppleving for spelarane. Sjølv om dette er barnespel, er det tilrådd å ha med ein vaksen som kjenner reglane og kan lære barna å spele. NB! Hugs at barn kan vere mindre fokuserte og ha kortare konsentrasjonsspenn enn vaksne.

Kongdomino: Bygg ditt eige kongerike med store og enkle brikker. Kan spelast frå seks år.

Villkatten: Reaksjon og minne. Enkelt og engasjerande.

Botswana: Fargerikt og morosamt spel der barn lærer matematikk ved hjelp av fine plastdyr frå Afrika.

(Kjelde: Steffen R.M. Sørum, pappa og brettspelentusiast)

Neste artikkel

Hele Vågå ringte inn påska med matklokkene