Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Parklind eit humlemysterium

Kvar sommar plar det dukke opp store mengder daude humler under parklindtre. Men ein har ikkje ei handfast forklaring på kvifor det skjer.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Parklinda veks ikkje naturleg i Noreg, men har vorte planta i mange parkanlegg rundt om i landet. Heilt sidan 1700-talet har det vore kjent at det dukkar opp store mengder daude humler under desse trea.

Onsdag skreiv NRK om at ein no hadde oppdaga store mengder med daude humler under parklindtrea i Lærdal sentrum.

Annonse

Zoolog ved naturhistorisk museum i Oslo ,Peter Bøckman, fortel til NRK at dette er eit vanleg fenomen, men utan ei klar forklaring.

Det er fleire teoriar på kvifor humlene ligg daude under parklinda. Ein av dei er at parklinda er giftig for humla. Ein annan er at parklinda har så mykje pollen at den tiltrekk seg humler, og at nokre difor døyr naturleg ved treet. Enkelte trur òg at det gøymer seg småfugl i greinene som tar humla.

(©NPK)

Neste artikkel

Borten Moe tror på endelig snuoperasjon i seter-saken