Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Panengstuen besøker Nortura-anlegga for fyrste gong

Torsdag 19. september starta konsernsjef Anne Marit Panengstuen i Nortura ein aldri så liten besøksturné. Innan utgangen av oktober skal ho ha besøkt åtte av produksjonsanlegga rundt i landet.

Konsernsjefen fekk besøke Noregs største pølsefabrikk.  Frå venstre avdelingsleder i pølsemakeriet Marylinn Jeanette Grønberg, konsernsjef Anne Marit Panengstuen og fabrikksjef Therese Ryan. Foto: Nortura
Konsernsjefen fekk besøke Noregs største pølsefabrikk. Frå venstre avdelingsleder i pølsemakeriet Marylinn Jeanette Grønberg, konsernsjef Anne Marit Panengstuen og fabrikksjef Therese Ryan. Foto: Nortura

Panengstuen var spent då ho tok turen til Nortura Tønsberg førre torsdag. Det var det aller fyrste besøket hennar på eit av Norturas produksjonsanlegg, skriv Nortura på nettsidene sine.

I Tønsberg fekk Panengstuen mellom anna treffe Marylinn Jeanette Grønberg, som er avdelingsleiar for pølsemakeriet, Noregs største pølsefabrikk.

Fabrikksjef i Tønsberg Therese Ryan tok imot konsernsjefen saman med resten av leiargruppa og viste fram anlegget. Konsernsjefen let seg imponere over engasjementet blant medarbeidarane i Tønsberg.

Annonse

– Dette hadde eg sett fram til, og dagen i Tønsberg blei veldig inspirerande. Det store engasjementet blant medarbeidarane og stoltheita dei har over yrket sitt gjorde stort inntrykk, seier Panengstuen.

Vidare i september og gjennom heile oktober skal den nye konsernsjefen på fleire fabrikkbesøk i heile Noreg.

Målet er å bli betre kjent med verdikjeda og dei tilsette.

I denne omgangen skal ho innom Sogndal, Forus, Malvik, Steinkjer, Målselv, Rudshøgda og Hærland, i tillegg til det alt gjennomførte besøket i Tønsberg.

Naturleg nok rekk ho ikkje over alle anlegg med ein gong, men det vil kome fleire høve, melder Nortura.

Neste artikkel

Lønnshopp for Nortura-direktør