Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

P3-kjendisar heidra med dialektpris

Trekløveret Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby i programposten P3morgen på NRK P3 vart fredag heidra med Norsk Målungdoms Dialektprisen 2017.

Ronny Brede Aase (t.h.), Silje Nordnes og Markus Neby i NRK-programmet P3morgen har fått Dialektprisen 2017. Foto: Kim Erlandsen / NRK
Ronny Brede Aase (t.h.), Silje Nordnes og Markus Neby i NRK-programmet P3morgen har fått Dialektprisen 2017. Foto: Kim Erlandsen / NRK

Prisen fekk dei overrekt frå leiar Fredrik Hope i Målungdommen i Bikuben på Det Norske Teatret i Oslo fredag ettermiddag.

– Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby kjem frå kvar sin del av landet og viser kvar morgon fram det norske dialektmangfaldet. Som programleiarar i eitt av dei mest populære radioprogramma i Noreg gjer dei dialektmangfaldet til ein del av kvardagen for fleire hundretusen unge lyttarar, seier Hope om prisvinnarane.

– At dei dessutan ikkje kvir seg for å leike med språket og diskutere språk, gjer dei berre til enda meir fortente vinnarar, slår Hope fast.

Annonse

Dei tre prisvinnarane kjem frå kvar sin del av landet, Aase frå Førde i Sogn og Fjordane, Nordnes frå Hamarøy i Nordland og Neby frå Oslo.

Norsk Målungdom har delt ut Dialektprisen sidan 2001. Tidlegare har prisen gått til blant andre Terese Johaug, Linda Eide og Daniel Kvammen.

Neste artikkel

En bølge av lokalt norsk øl til Berlin