Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Over 300 søkte på 150 stillingar som skogplantør

Glommen Mjøsen Skog har tilsett om lag 150 personar som skal plante skog denne sesongen. – Norsk ungdom kan og vil, sier Ap-leder Jonas Gahr Støre.

Arbeidarparti-leiar Jonas Gahr Støre var førre veke med på opplæringa av dei nye skogplantørane i Glommen Mjøsen Skog. Foto: Arbeidarpartiet
Arbeidarparti-leiar Jonas Gahr Støre var førre veke med på opplæringa av dei nye skogplantørane i Glommen Mjøsen Skog. Foto: Arbeidarpartiet

Skognæringa har lyst ut hundrevis av stillingar for å rekruttere norsk ungdom til å plante skog i sommar. Glommen Mjøsen Skog var ein av dei. Dei har fått inn søknadar frå over 300 personar frå slutten av tenåra og starten på 30-åra. Suzanne Fjelland er 18 år, og er ein av dei som har fått jobb som skogplantør.

– Eg søkte på jobben fordi eg synest det verka spennande og fordi det er fint for miljøet og nærmiljøet, seier ho i ei pressemelding frå Glommen Mjøsen Skog.

Suzanne Fjellheim har tidlegare jobba på gartneri, og er ein av om lag 150 personar som har fått sommarjobb som skogplantør. Foto: Glommen Mjøsen Skog
Suzanne Fjellheim har tidlegare jobba på gartneri, og er ein av om lag 150 personar som har fått sommarjobb som skogplantør. Foto: Glommen Mjøsen Skog

Førre veke hadde ho første opplæringsdag, og der var òg Ap-leiar Jonas Gahr Støre og landbrukspolitisk talsperson i Ap, Nils Kristen Sandtrøen. Sandtrøen har oppmoda både ungdom og næring til å sjå moglegheitene som finst no når arbeidskrafta frå utlandet blir borte.

– Norsk ungdom kan og vil

Arbeidarpartiet har saman med SV, Sp og Frp sikra skognæringa med eit tilskot på 1,50 kroner per plante i år.

Annonse

– Dette eksempelet har ein direkte overføringsverdi til andre næringar. Det skal ikkje stå på norsk ungdom, dei kan og vil, seier Sandtrøen.

Det same seier Gahr Støre.

– Det viser at norsk ungdom kan og vil, og det er flott at dei får slike jobbar. Det var ei stund fare for at mange av skogplantene som skal ut kunne bli kasta. No blir næringa sitt behov for arbeidskraft og ungdommen sitt behov for arbeid kopla. Vi kuttar både utslepp og skapar jobbar, seier han.

Har normalt 200 arbeidarar frå utlandet

Glommen Mjøsen Skog hentar vanlegvis arbeidskraft frå utlandet, og har 200 arbeidarar kvart år. I år har ikkje dette late seg gjere.

Anne Guri Kløvstad er skogkulturansvarleg i Glommen Mjøsen Skog. Foto: Glommen Mjøsen Skog
Anne Guri Kløvstad er skogkulturansvarleg i Glommen Mjøsen Skog. Foto: Glommen Mjøsen Skog

– Det blir eit stort logistikkarbeid å få plantene ut i jorda i år. Takka vere tilskotsordninga har vi kunne tilsett norsk ungdom denne sesongen, og det var heilt naudsynt for at vi kunne tilsette ungdommen og sikre god opplæring og oppfølging av ufaglært arbeidskraft, seier Anne Guri Kløvstad i Glommen Mjøsen Skog.

Neste artikkel

Trenden har snudd for Ap - og Sp