Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Over 20.000 nordmenn er sjøfolk

Nye tal frå SSB viste at det arbeidde 20.141 norske sjøfolk på norske skip i 2018.

Noreg har ein lang og stolt skipsfartstradisjon. Talet på sjøfolk har vore relativt stabilt dei siste åra, sjølv om næringa har hatt nokre tøffe år etter oljeprisfallet, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

Tala frå SSB viser at det frå 2017 til 2018 var ein auke på 390 sjøfolk, men frå 2016 til 2017 vart det 927 sjøfolk mindre. Altså var det i 2018 537 færre sjøfolk enn i 2016.

Annonse

Dei aller fleste som jobbar innan næringa er busett i Møre og Romsdal, etterfølgd av Hordaland.

Det strøymer òg til med nye sjøfolk. I 2018 var det 968 norske lærlingar og kadettar på norske skip.

Neste artikkel

Ola Elvestuen: – Vi må bruke tre for å erstatte betong i bygg