Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Oteren et opp laksen i sunnmørselvane

Tre av fire lakseelvar på Sunnmøre er utan gytefisk. Oter får skulda.

Illustrasjonsfoto: Tor Erik Schrøder /NTB scanpix / NPK
Illustrasjonsfoto: Tor Erik Schrøder /NTB scanpix / NPK

Resultat frå Oterprosjektet på Sunnmøre vart lagt fram på ein fagdag om laks for elveeigarar nyleg, fortel Sunnmørsposten. Prosjektet skal kartleggje korleis oter påverkar lakseelvane.

Forskar Marius Kambestad i Biologer og Norsk institutt for naturforsking (NINA) har studert laksebestandane i lakseelvane i Ramstaddal og Aureelva i Sykkylven, i tillegg til Vartdalselva og Norddalselva.

Annonse

– I prosjektet fann vi lite laks då eg snorkla i elvane. Vi veit at det gjekk opp ein del laks tidlegare i sesongen. Konklusjonen er at i tre av desse elvane var det ikkje gytefisk igjen. Oteren hadde tatt alt, fortel Marius Kambestad i avisa.

– Det er katastrofe viss vi ikkje vi finn ei løysing. Eg fryktar at elveeigarlag tar saka i eigne hender, viss ikkje viltforvaltninga gjer noko. Oteren har ingen naturlege fiendar. Han har trekt seg inn i fjordsystemet og etablert seg i elvane, seier Jan Melseth, leiar i Lakseelvane på Sunnmøre.

Assisterande miljøverndirektør Ulf Lucasen hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal seier dei forventar at elveeigarar etterlever lovverket.

– Det er blitt søkt om felling eller flytting av oter. Søknaden blei avslått, men anka til Miljødirektoratet. Vi har inga rettesnor for handtering av utfordringane med laks og oter no. Derfor er avgjerda i direktoratet prinsipielt viktig for heile landet, seier Ulf Lucasen.

Neste artikkel

Tilbyr bønder gratis veterinærhjelp under koronakrisen