Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ørneskyttaren vart frifunnen i retten

23-åringen som skaut ei freda ørn vart tysdag frifunnen i retten. - Miljøkriminalitet, meiner ornitologiforeiningsleiar.

23-åringen vart stilt for retten for å ha skote ei freda havørn. Foto: Espen Lie Dahl

– Eg er veldig fornøgd med å ha blitt frifunnen og glad for resultatet. Eg har følt eg har hatt ei veldig god sak, og har vore optimistisk gjennom heile rettssaka, seier Knut Gunnarson Veum til Vest-Telemark blad.

Gunnarson Veum skaut havørna i Fyresdal i november 2017. Norges Miljøvernforbund melde jegeren til politiet for brot på naturmangfaldlova, og saka har no gått i Vest-Telemark tingrett. Tysdag vart 23-åringen frifunnen.

Handla aktsamt

– Under tvil har retten kome til at sauane ikkje var under direkte angrep av ørna, jf. naturmangfaldloven § 17 andre ledd andre punktum, står det i dommen.

Men retten konkluderer òg med at jegeren ikkje var i tvil om at ørna kunne gjere stor skade på sauene, at han hadde kort tid på å ta ei avgjerd, og at han dermed ikkje kan klandrast for å tru at sauane var under direkte angrep av ørna.

Slik vart den endelege konklusjonen i retten:

Annonse

Ut ifrå ei heilskapleg vurdering av bevisa i saka, har retten konkludert med at handlinga var aktsam. Dei subjektive vilkåra for domfelling er ikkje til stades. Den tiltala blir difor frifunnen. Dommen er samrøystes.

– Faunakriminalitet

NRK melder at leiar for Norsk ornitologisk foreining i Telemark, Jan Gunnar Slemmeli reagerer på frikjenninga.

– Eg ser ikkje nokon grunn til at han skulle verte frikjend, seier Slemmeli til NRK.

Han kallar det heile for faunakriminalitet, og meiner ørna ikkje utgjorde akutt fare for dyra på garden då ho vart skoten.

Den frifunne 23-åringen trur ikkje at motparten kjem til å anke saka, melder Vest-Telemark blad.

– Eg er klar for å leggje saka bak meg, seier Gunnarson Veum til avisa.

Neste artikkel

Norge tredje dyrest i Europa