Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ordførar i Tysvær vil lenke seg fast mot vindmøller

Ordføraren i Tysvær lovar å lenkje seg fast om det blir vindkraftutbygging i kommunen. Kommunen har tidlegare vore for vindkraft.

Vindmøller på Høg-Jæren i Rogaland, som er ein av dei største vindkraftparkane i landet. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Kommunen har tidlegare vore positive til vindkraft, men ordførar Sigmund Lie (Ap) meiner avgjerda vart tatt i ei anna tid, skriv NRK. No seier han at han vil aksjonere mot vindmøllene dersom planane om utbygging held fram.

– Dei hadde eit anna avgjerdsgrunnlag enn det vi har i dag. No veit vi meir. Eg har sagt på eit folkemøte at vi skal lenke oss fast til vindmøllene dersom dette blir ein realitet, seier han.

Varaordførar Ola Apeland (H) vil vere med i aksjonen dersom det vert nødvendig.

Annonse

– Eg er ikkje så glad i å sove utandørs i telt, men eg skal gjere det til ei eventuell utbygging blir stansa, seier han.

Det vart gitt konsesjonar til å byggje vindmøller i Tysvær i 2006, 2013 og 2014. No har eit samstemt formannskap bedd rådmannen levere ei ny utgreiing om vindparkane i Gismarvik og Tysvær.

Bjerkreim i Rogaland har òg snudd i vindkraftutbygginga. I april gav formannskapet dispensasjon til Norsk Vind Energi og opna for vindkraftverk på Faurefjell, men dei ønsker no å utsette for å gjere ei ny konsekvensutgreiing.

(©NPK)

Neste artikkel

Vindkraft, vasskraft og berekraft