Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ordførar: – Horribelt at ikkje plan- og bygningslova gjeld i vindkraftutbygging

Den nye vindkraftmeldinga må gjere det klar at utbygging av vindkraft på land skal behandlast gjennom planverket til kommunen og ikkje etter energilova, meiner 60 ordførarar og KS.

– Kommunane og folket er umyndiggjorde og lokaldemokratiet står for fall. Det er den sterkaste sin rett og marknadskreftene som rår, seier Bernt Brandal, ordførar i Hareid kommune. Foto: Erlend Friestad / Hareid kommune
– Kommunane og folket er umyndiggjorde og lokaldemokratiet står for fall. Det er den sterkaste sin rett og marknadskreftene som rår, seier Bernt Brandal, ordførar i Hareid kommune. Foto: Erlend Friestad / Hareid kommune

– Det er horribelt at ikkje plan- og bygningslova gjeld i vindkraftutbygging, seier Bernt Brandal, ordførar i Hareid kommune, til Nynorsk pressekontor.

Han er ein av 60 ordførarar som har signert eit opprop mot vidare planlegging av vindkraftutbygging i kommunane utan kommunal medverknad og styring. Tidlegare denne veka heldt han innlegg på ein konferanse i regi av vindkraftmotstandarane Motvind.

Brandal spør kvifor kommunane skal ha reguleringsplikt for mindre tiltak i kommunen, som bygging av hus eller gapahuk, når dei store, private anlegga involverte i vindkraftverka, slepp.

– Resultatet no er at kommunane og folket er umyndiggjorde og at lokaldemokratiet står for fall. Det er den sterkaste sin rett og marknadskreftene som rår, seier Brandal.

Om nokon vil bygge hus eller hytte, må det utarbeidast både ein arealplan og reguleringsplan som skal ut på høyring.

– Det er prosessar der alle får sagt sitt og prosjektet blir sett i ein større samanheng i kommunen. Både politikarar, lokalbefolkninga og næringa i kommunen kan komme med innspel. Saka blir handsama lokalt med folk som kjenner forholda, seier Brandal.

Når det gjeld vindkraftverk, er det utbyggar av vindkraftverket som er ansvarleg for å legge fram ein miljø-, transport- og anleggsplan (MTA) som NVE skal godkjenne, etter at konsesjon er gitt.

– Lite påverknad

– Kommunane er fortvila og oppgitte over rolla kommunane har i desse utbyggingssakene, med lite informasjon, lite påverknad, og overprøving av lokale vedtak som blir fatta, skriv ordførar i Lyngdal kommune, Jan Kristensen, i ein kommentar til Nynorsk pressekontor.

Ordføraren starta oppropet mot vidare planlegging av vindkraftutbygging i kommunane, som vart send til Olje- og energidepartementet i desember, . Dei har ikkje har fått svar. 20. juni sender dei det på nytt, med underskrifter frå enno fleire ordførarar.

Når regjeringa no skal legge fram ei stortingsmelding om konsesjon av vindkraft på land, er kommunane tydelege på kva som er viktigast:

– Vi vil ha lokal sjølvråderett og at desse store inngrepa blir gjenstand for kommunal behandling gjennom kommunens eige planverk, kommuneplanen og at utbyggingane blir heimla etter plan- og bygningslova i staden for energilova, som vi opplever i dag, skriv Kristensen.

Annonse

Lokaldemokratiet i førarsetet

KS skriv i innspel til konsesjonsprosessen at «Vindkraft på land i Noreg krev i dag meir areal enn industri, byar og tettstader til saman. Unnataket frå normale planprosessar gir store utfordringar knytt til demokrati, tillit og legitimitet for avgjerder». KS meiner difor også at arealavklaringar i kommuneplanen må gjelde for konsesjonar til vindkraftindustri.

– Uansett kva lovgrunnlag og prosessar ein køyrer når det gjeld arealdisponering, så vil det kunne vere konflikt, fordi ulike samfunnsinteresser må vegast mot kvarandre. Men vi i KS er opptatte av å kunne få prosessane så gode som mogleg, sånn at det kan dempe konfliktnivået, seier Bjørn Arild Gram i KS til NPK.

– Ein vesentleg faktor ved at ein brukar plan- og bygningslova som grunnlag i om lag alt anna av arealprosjekt i Noreg – på til dømes veg, bane og forsvarsanlegg, er at da er kommunen og lokaldemokratiet i førarsetet i prosessen, seier Gram.

I KS` høyringssvar til nasjonal ramme for vindkraft stiller organisasjonen spørsmål ved kvifor vindkraftutbyggingar er unntatte frå normale planprosessar. På bildet: styreleiar Bjørn Arild Gram i KS. Foto: Hege K. Fosser Pedersen / KS
I KS` høyringssvar til nasjonal ramme for vindkraft stiller organisasjonen spørsmål ved kvifor vindkraftutbyggingar er unntatte frå normale planprosessar. På bildet: styreleiar Bjørn Arild Gram i KS. Foto: Hege K. Fosser Pedersen / KS

Han meiner bruk av plan- og bygningslova vil gi meir heilskapleg arealvurdering i kommunane enn ved bruk av energilova, der arealplanlegginga no blir isolert til sjølve vindkraftprosjektet.

Stortingsmelding er venta fredag

Stortingsmeldinga om konsesjon av vindkraft på land er ifølge fleire kjelder venta fredag. KS har forventningar til at ein vil endre lovgrunnlaget i stortingsmeldinga.

– Vi har bedt om at meldinga drøftar grundig forholdet mellom energilova og plan- og bygningslova, og vi ventar at ein ser på grep som gir lokaldemokratiet og lokalsamfunna i ein meir sentral rolle i vindkraftprosessane, seier Gram.

Olje- og energiminster Tina Bru var ikkje tilgjengeleg for kommentar da NPK tok kontakt, og departementet vil vente med å svare på spørsmål relatert til konsesjonsprosessen til etter at vindkraftmeldinga er lagt fram.

Bru har tidlegare sagt til NRK at dei i prosessen både ser på korleis ein kan stramme inn tidsfristane, ha eit system med tidleg avslag dersom ein ser at til dømes konflikten med natur er for høg, og ser på korleis ein kan forsterke krava til konsekvensutgreiingane mot miljø. Ho har òg varsla at subsidiesystemet vindkraftutbygginga har hatt i mange år, vil ta slutt i 2021.

Neste artikkel

Fleire nordmenn skeptiske til vindkraft