Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Oppsving for alkoholfritt øl

I februar i år blei det selt over 40 prosent meir øl med alkoholprosent på under 0,7 enn i same månad i fjor.

Close up of man holding a mug of beer. Background with copy space.

Det kjem fram i ferske tal frå Bryggeri- og drikkevareforeningen. Ringnes, som er leiaren på marknaden, skriv i ei pressemelding at dei er sikre på at dei kjem til å selje meir alkoholfritt øl denne påska enn i fjor.

– Fleire og fleire vel dette som eit godt, sunt og sporty alternativ, seier Pål Strutz, som er ansvarleg for alkoholfritt øl i Ringnes.

Annonse

Det er ein godt etablert trend både i Noreg og elles i Europa. Spesielt er det dei yngre kundane som vel dette.

– Helseaspektet er eit stort poeng for millennials – dei som er fødde mellom 1980 og 2000, seier Strutz.

I 2018 blei det sett ny rekord i salet av alkoholfritt øl, med totalt 10 millionar liter. Dette kjem i kjølvatnet av at Ringnes i fjor lanserte eigne kjøleskap for alkoholfritt øl i butikkar rundt om i landet. Butikkane som kunne tilby kaldt øl utan alkohol, auka salet med 55 prosent.

Neste artikkel

Bidra til forsking: Registrer eit tre i fjellet