Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Opnar for å fella 82 gauper under kvotejakta

Når kvotejakta på gaupe neste år, opnar Miljødirektoratet for å fella totalt 82 gauper. For første gong på fire år blir det også lov å jakta på gaupe i dei to nordlegaste fylka.

For første gong sidan 2017 blir det neste år opna for jakt på gaupe i dei to nordlegaste fylka her i landet. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
For første gong sidan 2017 blir det neste år opna for jakt på gaupe i dei to nordlegaste fylka her i landet. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Bakgrunnen for å opna for kvotejakt på gaupe i Nord-Noreg er at gaupebestanden i området har auka.

– Vi opnar no forsiktig for kvotejakt for å hindra skade på beitedyr i dei to nordlegaste fylka, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Kvotejakta på gaupe som varer frå 1. februar til 31. mars skal vera det viktigaste verktøyet for å regulera gaupebestanden. I år er det registrert 66,5 familiegrupper med gauper på landsbasis. Dette er betyr at bestanden for første gong på over åtte år er over det vedtekne nasjonale bestandsmålet på 65 familiegrupper.

Det er særleg i Nord-Noreg at bestanden av gauper har auka. I Nordland har talet på familiegrupper i år gått opp frå 5,5 til 11, medan Troms og Finnmark har ein hatt ein auke frå fem til elleve familiegrupper.

Annonse

For første gong sidan 2017 blir det difor opna for jakt i dei to fylka. I Nordland er kvoten sett til sju gauper med ein totalkvote på tre vaksne hodyr, medan kvoten i Troms og Finnmark er sett til seks gauper med ein totalkvote på tre vaksne hodyr. Dette er noko mindre enn det rovviltnemndene i regionane bad om.

For ikkje å koma under det nasjonale bestandsmålet for gaupe i 2022, bør det ifylgje direktoratet takast ut mindre enn 30 vaksne hogauper i Noreg neste år.

Når det gjeld rovviltregionen Vest-Noreg er det ikkje sett bestandsmål for gaupe. Her blir det opna for kvotefri jakt.

For rovviltregionane Sør-Noreg og Midt-Noreg, blir det opna for jakt fordi gaupebestanden i regionane ligg over bestandsmålet. Her er det dei regionale rovviltnemndene som vedtek kvoten for kvotejakt.

I Hedmark og Oslo/Akershus/Østfold blir det ikkje opna for gaupejakt.

(©NPK)

Neste artikkel

Ny bok setter spørsmålstegn ved dyrs rettigheter