Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ønsker å betale ferje med pengar frå Oljefondet

Arbeiderpartiet ønsker ei halvering av ferjeprisane. Frp ønsker å gjere dei gratis.

Foto: Terje Bendiksby / NTB
Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Vi er eit rikt land og vi kviar oss ikkje for å bruke pengar frå Oljefondet. Frp er ikkje redde for å bygge landet, og då må vi omdisponere frå innanfor statsbudsjettet, Sylvi Listhaug til TV2.

Partiet vil starte med å halvere ferjeprisen i neste krisepakke. Kostnaden er på 1,5 milliardar kroner. Framstegspartiet meiner det er mogleg å få fleirtal på stortinget for dette. Ifølge fylkesleiar i Frp Møre og Romsdal, Frank Sve, vil Frp dekke inn kostnaden ved å «auke verdiskapinga i heile landet», skriv Romsdals budstikke.

– Halv pris på ferjebilletten vil slå veldig positivt ut både for folk flest og næringslivet, seier ho.

Listhaug er representant for Møre og Romsdal på Stortinget. Møre og Romsdal er eitt av fylka der ferjeprisane har engasjert mange.

Mål om heilt gratis ferje

Halvering av ferjeprisen er berre starten for Frp. Dei vil at ferja skal bli heilt gratis. Det gir ein kostnad på 3 milliardar kroner.

– Ferjene skal vere ein del av vegen, og gratis for alle. Det blir viktig for næringslivet som kan bruke pengane på å investere i eiga bedrift i staden for å bruke pengar på ferjebillettar, seier ho til kanalen.

Ferjeprisen har lenge vore ei kjelde til misnøye på langs kysten, og Frp er ikkje åleine om å ville kutte kostnaden. Arbeidarpartiet har òg lova å halvere prisen dersom dei kjem i regjering etter valet den komande hausten.

Annonse

Ap vil finansiere kuttet, som er berekna til å vere 1,3 milliardar kroner, med høgare skatt frå dei rikaste.

Meiner det er fylket sitt ansvar

I dag er det fylka som har ansvaret for ferjeprisane på fylkesvegferjene, og staten som har ansvaret for prisane på riksvegsferjene. Høgre meiner fylka framleis skal stå ansvarleg for prisane på fylkesvegferjene.

– Fylka må sjølv ta ansvar for prisauken. Fylka har hatt gode økonomiske resultat dei siste åra, seier stortingsrepresentant og medlem av transportkomitéen, Jonny Finstad på nettstaden til partiet.

– Fleire fylke opplev svakare befolkingsutvikling. Regjeringa har ikkje redusert inntektene til fylket av den grunn. Fylkeskommuner med ferjesamband er kompensert for høgare kostnadar enn andre fylke.

Møre og Romsdal har fått om lag 230 millionar kroner for å legge om til el-ferjer. Kommunesektorens organisasjon med fleire meiner staten ikkje har rekna med alle kostnadane som kjem ved ei slik omlegging.

– Korleis fylka vel å fordele pengane, er opp til dei sjølve. Eg tek det for gitt at fylka ikkje tek på seg større økonomiske utgifter enn dei har råd til, seier Finstad.

Neste artikkel

Ferjeaksjonistane vil ikkje vente fire år på billegare ferjebillettar