Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Omsetningsvekst for Kavlikonsernet i fjor

Årsresultatet til Kavlikonsernet viser ein omsetningsvekst på 6 prosent sidan 2018.

Salget av smørost førte til vekst for kavli. Foto: Eva Aalberg Undheim
Salget av smørost førte til vekst for kavli. Foto: Eva Aalberg Undheim

Omsetninga har auka frå 3,536 milliardar kroner i 2018, til 3,747 milliardar kroner i 2019. Konsernsjef Erik Volden peiker på smøreosten som medverkande årsak.

– Auken kjem av at vi har lukkast med nyskaping og å auke marknadsdelen i dei viktigaste produktkategoriane for konsernet, seier han i ei pressemelding.

Fakta

Kavlis tall for 2019 i millioner (2018 i parantes)

Omsetning 3746,5 (3535,8)

EBITDA 383,8 (380,6)

Driftsresultat (EBITA) 269,4 (287,4)

Årsresultat etter skatt79,2 (178,0)

Annonse

Smøreosten som har vorte seld i over 90 år, hadde ein organisk vekst på over 9 prosent. Kavli eig også blant anna Q-meieriene.

Driftsresultatet er svakare enn året før, med 269 millionar kroner i 2019 mot 287 millionar kroner i 2018. Det er ein nedgang på 6 prosent. Hovudårsaka er ein auke i prisen på råvarer.

Utbyttet overførast til Kavlifondet, som går til humanitært arbeid, forsking og kultur.

– Det er ein unik og merkbar stoltheit blant alle våre dyktige tilsette, som står på for å skape verdiar for gode formål. I eit år med tunge investeringar og økt gjeld, overfører vi hele 73 millionar i utbytte til Kavlifondet, seier Kavlis konsernsjef Erik Volden.

Neste artikkel

Eit liv med laksefiske – og alt det som følgjer med