Det er påvist 99–102 ulvar i Noreg, viser ein ny statusrapport frå Høgskolen i Innlandet. Rapporten er laga på oppdrag frå Rovdata. Om lag 65 er påvist innanfor Noregs grenser, mens om lag 24 er påvist på begge sider av riksgrensa mot Sverige, viser rapporten. Det er framleis 12 ulvar som har uklar grensestatus.
Det er dokumentert fem nye ulvekull i norske revir og til saman fem andre kull i andre revir. – Alle ti kulla har tilknyting til forvaltningsområdet for ulv i Noreg, fortel Jonas Kindberg, som er leiar for Rovdata.
Dei aller fleste ulvane er registrerte i Søraust-Noreg, i Hedmark, Akershus, Oslo og Østfold. Åtte ulvar er påvist utanfor desse fylka, fem av dei er skotne.
– Dei tre andre ulvane blei sist påvist i Sogn og Fjordane i desember 2018, Finnmark og Trøndelag i januar 2019, seier Kindberg.
Registreringsperioden varer frå 1. oktober til 31. mars. Overvakinga tek gjerne imot meldingar om sport eller observasjonar av ulv.