Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Omfattande kveitegransking etter funn av miljøgift

Eit fiskefelt vest for Sklinnadjupet utanfor Nordland er framleis stengt etter funn av miljøgift i kveite. No blir det grundig granska om det er forureining i området, fortel NRK.

Kveite. Foto: Simon Pierre Barrette (CC BY-SA 3.0)

– Vi reknar med å bruke både 2018 og 2019 før vi kjenner alle årsakene til høge nivå av miljøgifter i kveite i havområdet vest for Sklinnadjupet, seier Signe Nåmdal, avdelingsdirektør i Miljødirektoratet til NRK.

Ei kartlegging av 392 kveiter frå heile norskekysten og i ope hav frå Barentshavet i nord til Skagerak i sør frå 2013 til 2016, viste at konsentrasjonen av organiske miljøgifter auka i takt med størrelsen på fisken.

Det blei funne mest kvikksølv og miljøgifter vest for Sklinnadjupet lengst sør i Helgeland i Nordland. Her blei det derfor i fjor forbod mot all fangst av kveite.

Annonse

Etterpå er det slått fast at gifta ikkje kjem frå maten kveita får i seg.

– Vi skal derfor analysere prøver av sjøbotnen i området, for å sjekke mogleg forureining på havbotnen, seier Signe Nåmdal.

Havforskingsinstituttet og Mattilsynet skal dessutan undersøkje kveite langs Trøndelagskysten og i sørleg del av Nordland opp til Bodø dei neste to åra, for å få ei betre oversikt over situasjonen.

Neste artikkel

Norge faller fem plasser på miljørangering