Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ole André Myhrvold (Sp) krev svar frå landbruksministeren om matjord i Askim

Forrige veke lova landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) under et møte i Askim at ho skal kjempe for matjorda. No må ho svare i Stortinget.

Ole André Myhrvold (sp) er spent på om Mat- og landbruksministeren vil kjempe for matjorda på Sekkelsten i Askim. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Meiner statsråden det vil vere rett å sjå på bruk av areal i ein ny kommune, som Indre Østfold, under eitt, og er det dårleg arealdisponering av Askim kommune å opne for handel på noko av den beste matjorda i regionen?

Dette er spørsmålet som landbruks- og matminister Olaug Bollestad må svare på i Stortinget, veka etter at ho lova å kjempe for matjorda på eit møte i Askim, melder Smaalenens Avis.

Annonse

Ole André Myhrvold (Sp) som deltok på møtet, tykte påstanden til Bollestad om kor langt ho vil gå for å kjempe for matjorda var så oppsiktsvekkjande at han har stilt spørsmålet i Stortinget.

Det er Sekkelsten i Askim, eit område på 300.000 kvadratmeter, Bollestad må svare på om ho vil kjempe for. Ordførar i Askim, Thor Hals (H) har tidlegare sagt ja til å regulere det aktuelle området til handel, melder avisa.

Myhrvold ventar på svaret i spenning, melder Smaalenenes avis.

Sp-representanten kjem frå Trøgstad, som òg blir del av den nye storkommunen Askim.

Neste artikkel

Ap-talsmann: Ikke en kilowatt skal sendes ut av Norge